Årsmelding for Agder Piratparti 2014

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Skrive av Targeir Attestog

I starten av året hadde begge Agder-fylka sitt eige fylkeslag. Vest-Agder Piratparti arrangerte landsmøte 25.-26. januar. Midt under landsmøtet skjønte styret i Aust-Agder at dei var for få aktive medlemar til å klare seg aleine. Aust-Agder-styremedlem Targeir Attestog foreslo for Vest-Agder-styreleiar Tale Østrådal å få til ei samanslåing. Vest-Agder-styremedlem Anders Kleppe skreiv vedtekter for Agder i samarbeid med Targeir Attestog. Felles årsmøte for fylkespartia på Agder fann stad på Samsen Kulturhus i Kristiansand 26. april 2014. Aust-Agder-leiar Shahab Afsharipour, Østrådal og Attestog var dei einaste som var fysisk til stades. Tre medlemar følgde med på videostraum på Internett. Detaljar om landsmøtet kan de lese om på følgjande nettside: https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=Agder_%C3%85rsm%C3%B8te_2014

Der står også det vedtektene som Agder Pir har hatt sidan den gong.

Styret blei sjåande slik ut gjennom 2014:

Leiar: Tale Østrådal 1. nestleiar: Targeir Attestog 2. nestleiar: Shahab Afsharipour Styremedlem: Anders Kleppe Styremedlem (representant for [Vest-]Agder Unge Pirater): Fredrik Nordhammer

Etter møtet oppretta styret Twitter-konto og Facebook-side for Agder Piratparti. 28. mars 2015 er populariteten slik: Facebook:

Agder Piratparti: 13 likar Aust-Agder Piratparti: 51 likar Vest-Agder Piratparti: 43 likar

Twitter:

@AgderPiratparti: 61 følgjarar

@AustAgderPir: 81 følgjarar

@VestAgderPir: 71 følgjarar

Vi har altså fått brukbart tal på følgjarar på den nye Twitter-kontoen, mens skuffande få som liker oss på den nye Facebook-sida. Vi har oppmoda følgjarar til å kome over til det nye, men på Facebook ser det ikkje ut til å fungere. Det er ukjent korfor. Vi oppretta også ei side på Google Plus for å gjere oss klare for YouTube. På Google Plus har vi bare 3 følgjarar og 798 har kikka innom. Vi har gløymt å oppdatere her på grunn av få følgjarar. På Twitter og Facebook har vi oppdatert regelmessig og også brukt dei gamle kontoane for å nå ut til flest muleg. Agder fekk oppretta bankkonto hos Sparebanken Sør og fekk utbetalt tre kvartals støtte frå sentralt hald i juli/august-månadsskiftet. Pengane kom godt med til Arendalsuka.

12.-16. august hadde Piratpartiet stand i Arendalsuka. Vi fekk dobbel plass akkurat som dei politiske partia på Stortinget. Vi var tidleg ute med å melde oss på. Dei som deltok av medlemar var Targeir Attestog, Tale Østrådal, Fredrik de Lange, Lasse Gregersen og partileiar Øystein Jakobsen. Sistnemnte var einaste utanfor Agder som hadde høve til å delta. Vegard Pettersen frå Rogaland og Anders Kleppe, som på den tida budde i Bergen, skulle også delta, men hadde dessverre ikkje høve til det likevel. Øystein Jakobsen og Lasse Gregersen heldt ein delt appell på Sam Eydes plass onsdag 13. august om høvesvis «åpenhet og breddedemokrati» og «opphavsrett». På fredag heldt Tale Østrådal appell om same tema som Jakobsen, men med ei anna vinkling. På standen hadde vi ei palle med bøker som besøkande kunne bla i og ta med seg om dei ønskte. Det var også ein konkurranse om å finne eit skjult dataspel på ungepirater.no.

Vi gjorde eit forsøk på å få til nystart med Kristiansand Piratparti med å invitere medlemar til Telfords Pub i Kvadraturen. Bare Elisabeth frå Kristiansand kom på det møtet. Ho hadde med sambuaren sin, som gjennom kvelden debatterte kraftig mot Piratpartiet med Østrådal og Attestog.

På slutten av 2014 trekte Shahab Afsharipour seg som 2. nestleiar fordi han hadde søkt på stilling som leiar i Studentsamskipnaden i Agder. Han kunne derfor ikkje ha noko politisk verv.

På leiarseminar i Asker 24.-25. januar 2015 var Østrådal til stades som sentralstyremedlem og Attestog som nestleiar i Agder-fylkeslaget. Agder måtte betale 3500 kroner i deltakaravgift for det seminaret.

På landsmøtet 21.-22. mars i Oslo var Tale Østrådal, Targeir Attestog, Anders Kleppe og Fredrik de Lange til stades. Sistnemnte hjelpte til med video- og lydteknikk for videostraumen på Internett. Østrådal blei valt til leiar for Piratpartiet nasjonalt, Attestog utnemnt til leiar for programkomitéen og Kleppe til generalsekretær nasjonalt.