Referat frå møte med programkomitéen og partileiinga 2017-08-02

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Stad: Skype-samtale for planlegging av EOLM 2017

Frammøtte frå programkomitéen: Targeir Attestog, Rune Mathisen, Thomas Gramstad

Frammøtte frå partileiinga: Geir Aaslid, Olav Handeland(frå 21:23)

Advarsel: Offentleggjorde forslagsliste for EOLM 2017 stemmer ikkje heilt med saksnummera her, men original kladd kan gjerast tilgjengeleg for å sjekke opp sakene her.

Start: 21:05

Geir fortel at vedtektene er uklare om ekstraordinære landsmøte (EOLM). Styret og sekretariatet kan ifølgje dei fastsetje reglar. Vi kan altså godkjenne forslag som kjem innan 5. august, viss dei har blitt kvalitetssikra.

Eldøys forslag blir forkasta fordi det ikkje er av tilstrekkeleg kvalitet, slik det er formulert. Thomas Gramstad kjem med forbetra forslag om elbilprivilegium.

Gjennongang av forslag:

KPF-10:

Geir: Politikarar bestemmer kva det skal bli forska på, men forskarar har klart definert metode.

KPF-11:

Olav: Formuleringane er for ulne. Liquid Democracy er ikkje klart definert. Vi burde definere breiddedemokrati klart. Vi er einige om at det betyr utvida bruk av folkeavstemmingar og gjennomsiktigheit i dei politiske prosessane.

VPF-5:

Targeir meiner at det tredje raude punktet bør stå under økonomisk politikk. Han får dei andre med på det, men det blir kommentert at det skil seg noko ut frå dei andre økonomiske punkta.

VPF-1:

Olav meiner at valprogrammet bør vere den delen av breiddeprogrammet som vi omtalar offentleg i valkampen. Targeir trekk dermed tilbake VPF-1. Programkomiteen kan definere overskrifter for valprogrammet.

Det blir litt prat om gjennomføring av EOLM. Videolandsmøte vanskeleg å få til. Vi har dessverre ikkje tid. Vi legg saker ut på diskusjonsforum på nett. Øystein Middelthun tar seg av avstemming. Asbjørn tar seg av debattforum.

VPF-6:

I vårt generelle grunnlag har vi alt det som står i første setninga. Resten er ikkje godt formulert. Targeir trekk dette forslaget tilbake, for vi har det i grunnen vedtatt allereie.

VPF-7 til VPF-10:

Targeir Attestog støttar endringane som Svein og Olav foreslår. Targeir støttar fjerning av VPF-11 til VPF-13.

VPF-4:

X.3 Vi tar sannsynlegvis vekk punkt om omstilling til fornybar energi, men Olav må høyre med Svein.

Vi pratar litt om forslag om billettlaus kollektivtransport. Blir litt problem med økonomi i Noreg.

Vi har fått inn forslag frå Anders Kanten om å gjere kollektivtransport billigare, for at bilreise skal bli dyrare.

VPF-18:

Thomas har sendt inn nytt forslag. Sverre Eldøy sitt forslag er dessverre ikkje godt nok til å bli stemt over, og Thomas fekk ikkje svar frå Sverre. Vi erstattar det med Thomas si nye formulering.

VPF-23 til VPF-25:

Targeir spør om det skal vere med litt meir tekst i forslaga, for eksempel hente litt frå grunngiving. Det blir diskusjon om betre grunngiving. Geir legg litt meir kjelder i arbeidsdokumentet.

Møtet blir avslutta 22:40.