Referat frå nominasjonsmøte i Aust-Agder Piratparti 2017-01-22

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk


Stad: Mumble-serveren til Young Pirates EU, i rommet «Unge Pirater»

Tid: 22. januar klokka 21:00

Frammøtte: Targeir Attestog, Geir Martin Ohna, Svein Mork Dahl

Referent og møteleiar: Targeir Attestog

Møtet startar kort tid etter avtalt møtetid klokka 21.

Listeforslag ved starten av møtet

1 Geir Martin Ohna 2 Targeir Attestog 3 Tale Mathilde Haukbjørk Christiansen Østrådal 4 Svein Mork Dahl 5 Sverre Gullesen 6 Geir Harald Wick 7 Ronny Berntzen 8 Magnus Ohna

Diskusjon om rekkjefølgje

Geir Harald Wick hadde meldt ifrå på førehand at han ikkje kunne kome og samtykka til å stå sist blant blant partimedlemmane på lista, altså på 6. plass, med to ikkje-medlemmar bak seg. Magnus Ohna ga samtykke om å stå på liste (via melding til Geir Martin Ohna) under møtet om å stå på liste. Sverre Gullesen har blitt medlem og har ambisjon om å bli med i Aust-Agder-styret seinare i år, så det er sikkert at han vil på lista. Geir Martin fortalte om det. Ikkje-medlem Ronny Berntzen ga samtykke til å stå på liste gjennom vennen Øystein Middelthun, Piratparti-medlem i Oslo.

Dei tre frammøtte presenterer seg for kvarandre med å fortelje kven dei er og kva dei gjer og litt om engasjementet for politikken til Piratpartiet.

Geir Martin Ohna melder ifrå om at han skal melde flytting til Bergen, så han meiner at det ikkje er idealt å stå på førsteplass på lista. Han vil ikkje ha sjansen til å drive valkamp i Aust-Agder, men har tenkt å få liv i Piratpartiet i Bergen og Hordaland og drive valkamp der.

Targeir Attestog bur i München og han meiner at han heller ikkje bør stå på topp. Han foreslår Svein Mork Dahl på 1. plass, sidan han er frå Arendal, hovudstaden til Aust-Agder, der Arendalsuka blir arrangert, og har erfaring frå politikken, både hos Venstre i Kristiansand og i kommuneadministrasjonen til Froland. Han verkar veldig engasjert og har potensiale til å dra med folk i lokallag i Arendal. Svein tar imot dette som ei utfordring og aksepterer kandidaturet.

Targeir ringer til Tale på telefon og spør henne om ho kan stå på 2. plass i Aust-Agder. Det kan og vil ho. Ho fortel at listearbeidet i Vest-Agder går greitt, men er ikkje ferdig enno. Targeir seier at folk frå Aust-Agder kan stille som listefyll viss det er nødvendig.

Dei tre frammøtte vedtar einstemmig Svein og Targeir som listetillitsvalde (bokmål: -valgte). Svein bur i Arendal og det er lett for han å levere inn på fylkeshuset, men han skal sjekke om to nye namn frå Arendal kan leggast til på lista i ei andre innlevering. Han saknar kvinner på lista, for er bare Tale frå Vest-Agder som er kvinne på lista no.

Listeforslag ved slutten av møtet

Følgjande liste blir vedtatt av dei frammøtte (dei fire første har byta plasseringar):

1 Svein Mork Dahl

2 Tale Mathilde Haukbjørk Christiansen Østrådal

3 Geir Martin Ohna

4 Targeir Attestog

5 Sverre Gullesen

6 Geir Harald Wick

7 Ronny Berntzen

8 Magnus Ohna

Prat om Arendalsuka

På slutten av møtet diskuterer vi Arendalsuka. Eg og Svein kan vere med der. Svein pratar om muleg samarbeid med ein liten organisasjon som han engasjerer seg i. Han må få klarlagt det. Geir Martin er usikker på om han kan dit, men skal få sendt andre frå Bergen i alle fall. Han kan kanskje på fredagen og laurdagen på slutten av opplegget. Vi pratar om felles årsmøte for Agder-fylka, med fysisk lokale. Geir Martin foreslo 18. mars eller 19. mars. Då kan Geir kome på besøk frå Bergen. Svein og Targeir er ganske sikre på at dei kan då også.


Relaterte linkar:

https://pad.piratpartiet.no/p/Nominasjon_AA_2017

https://pad.piratpartiet.no/p/Listearbeid_2017

Møtet blir avslutta 22:30.