Referat frå programkomitémøte 2017-05-18

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Tid: 18. mai klokka 21:00 til 22:05

Stad: Mumble-serveren til Unge Pirater EU

Møteleiar og referent: Targeir Attestog

På møtet i kveld møtte Targeir, Rune og Thomas opp. Møtet varte frå 21:00 til 22:05. Rune sa at han trong tid til å bli kjent med strukuren med piratkodeksen, kjerneprogrammet, breiddeprogrammet (finst ikkje i dag, men innhaldet frå Piratdepartementene kan flyttast dit) og valprogrammet. Han vil gjerne lage ei grafisk framstilling av korleis dette heng i hop.

Vi blei einige om å få inn innhaldsliste på sida for kjerneprogrammet på piratpartiet.no. Kjerneprogramtillegget Piratdepartementene skal bli flytta til eigen nettartikkel og vi ønskjer at det på EOLM 2017 skal bli omdefinert til breiddeprogrammet til Piratpartiet. Vi vil også då få redusert gjentakingar.

Targeir har allereie gjort betringar i Piratdepartementene ved at han har retta på den dårlege omsetjinga der av avtalen til Piratpartiet med Pirate Parties International, slik at meininga frå originalen kjem tydeleg fram. Targeir mistenker at Google Translate har blitt brukt.

Vi som er til stades fordeler spesialiseringar av kjerneprogramsøyler mellom oss. Det er meininga at vi skal supplere på med eigne forslag der og sjå om det kan bli gjort forbetringar i eksisterande innhald der.

Thomas tar "Kunnskap og kultur". Rune tar "Forskning og innovasjon" og "Utdanning". Targeir tar "Kommunikasjon og infrastruktur" og "Næringsliv og økonomi"

Thomas seier at Targeir kan rådføre med Øystein Middelthun om "Kommunikasjon og infrastruktur". Det blir opna for omfordeling av spesialiseringar i framtida viss det blir behov for det.

Vi treng også nokon som kan vurdere innhald til valprogram og breiddeprogram.

Vi diskuterer forslag frå Targeir om å flytte KID-nummerpunkt til valprogram eller breiddeprogram. Thomas kan gå med på å ha det i breiddeprogrammet.

Vi pratar også litt om vegbomavskaffingsforslag til Svein Mork Dahl.

Thomas foreslår at politisk nestleiar Svein Mork Dahl kan samarbeide tett med programkomitéen. Targeir er einig og meiner at det er meir naturleg enn å gjere det med partisekretær, som vi har gjort tidlegare.

Vi kjem også litt innom prat om EOLM i Arendal. Det kjem nok til å bli 12. og 13. august, men det er ikkje formelt vedtatt enno. Rune seier at han skal klare å kome dit, men er usikker på Arendalsuka. Det verkar som Thomas kan kome til EOLM og ein god del av Arendalsuka. Targeir kan dessverre ikkje pga. eksamen i Tyskland 18. august, men han skal følgje EOLM via video og stemme elektronisk.

På slutten seier Rune at han skal sjå gjennom programendringsvedtak for å sjekke at Targeir har lagt dei riktig inn på artikkelen om kjerneprogrammet på piratpartiet.no.

Thomas informerer om at flytting og historikkgjenoppretting av wikien skal skje snart, så derfor har Targeir ikkje lagt inn nytt kjerneprogram der enno. Det er avgjort at Discourse skal snart ta over etter Reddit som forum for Piratpartiet. Thomas fortel at Asbjørn i programkomitéen er med på å setje det opp.