Referat frå styremøte i Aust-Agder Piratparti 2017-01-22
Tid: 22. januar 2017 klokka 20.
Stad: Mumble-server til Young Pirates EU
Referent og møteleiar: Targeir Attestog
Frammøtte: Targeir Attestog og Geir Martin Ohna
Meldt avbod: Geir Harald Wick
Innkalling godkjent av dei frammøtte.
Innhold
Sak 3: Eksklusjon av Øyvind Nondal
Pratar først om Øyvind Nondal og om vi skal støtte ekskludering av han på landsmøtet. Targeir har fått vite at Nondal har meldt seg ut av partiet. Derfor ingen behov for utvising uansett, så vi stemmer ikkje over den saka.
Sak 1: Nominasjonsmøte
Nominasjonsmøte har det blitt kalt inn til, og det skal finne stad seinare denne kvelden. Derfor ingen behov å prate om det på dette styremøtet.
Sak 2: Årsmøte for Agder-fylka
Forslag til årsmøte: Targeir kan ikkje 4.-5. mars og 21.-22. mars Forslag frå Geir Martin: 18.-19. mars (passar bra for han) Sannsynlegvis i Kristiansand
Sak 4: Arendalsuka
Targeir kan vere med på det, i alle fall delar av veka Geir Martin kan ikkje vere med, men skal få andre folk frå Bergen til å reise dit.
Møte avslutta 20:27