Referat frå styremøte i Aust-Agder Piratparti 2017-04-19

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Tid: 19. april 2017, klokka 20

Stad: Skype-samtalen «Piratpartiet på Agder»

Frammøtte: Svein Mork Dahl (styreleiar), Targeir Attestog (nestleiar), Asbjørn Ølnes (varamedlem)

Møteleiar: Svein Mork Dahl

Referent: Targeir Attestog

Innkalling er godkjent av dei frammøtte. Sidan ingen frå Vest-Agder Piratparti sitt styre kunne kome, blir dette eit styremøte for Aust-Agder Piratparti aleine. Møtet skulle eigentleg vere på Mumble, men vi flytta over til Skype sidan Asbjørn ikkje fekk til dei tekniske innstillingane der. Vi følgde heile tida med på Mumble om det dukka opp folk der. To personar, som kunne vere Agder-medlemmar, kom opp der, men ingen av dei svara då vi fortalte dei om flytting av møtelokale, og dei forsvann kort tid etterpå frå Mumble-serveren.

Landsmøte

Targeir har bestilt hotellrom til tre personar i Bergen, som lett kan bli utvida til ein fjerde person. Targeir Attestog, Svein Mork Dahl og Lillian Wangondu er sikre på at dei skal overnatte der. Asbjørn vurderer å bli med på overnattinga, men han må sjekke kalenderen sin. Han skal gje tilbakemelding om nokre få dagar om det.

Svein og Asbjørn vurderer å stille som kandidatar i sentralstyret. Asbjørn tenker på vara. Targeir informerer dei om at det er då stor fordel for kandidaturet å fylle ut CV-skjema på wikien.

Arendalsuka

Targeir fortel at det mest sannsynleg ikkje blir ekstraordinært landsmøte i Arendal i helga før starten av Arendalsuka. Partiet har ifølgje partisekretær Anders Kleppe ikkje råd til det og må bruke pengar på valkamp. Kleppe har også fortalt at det ikkje er så lurt å endre på punkt i kjerne- og valprogram kort tid før valet. Vi i styret i Aust-Agder har naturlegvis forståing for det og vil heller presentere Arendal som kandidat for stad til ordinært landsmøte på våren i 2018.

Avgift for stand i Arendalsuka blir garantert støtta av sentralt. Det er usikkert kor mykje pengar som kan brukast av sentralt til arrangementet som vi skal ha.

Svein skal prate meir med mogleg samarbeidspartner for arrangement, som han nemnte på årsmøtet.

Det er lokale i gågata som vi sannsynlegvis kan få låne. «Med hjerte for Arendal» er formell leigetakar. Frivillige foreiningar bruker det. Svein er i styret i eit par av desse foreiningane og seier at vi kan låne lokale. Targeir seier at vi må finne ut når vi kan ha det lokalet. Vi må melde inn fort for å få det inn i hovudprogrammet til Arendalsuka. Svein seier at han skal finne ut av det. Han seier også at arrangementsprogrammet til Arendalsuka var ganske overfylt i fjor og vil nok vere det i år også. Vi må reklamere sjølv for arrangement og også hente inn folk frå gata rett før det startar.

Valkamp

Targeir nemner at folk i Piratpartiet i Austerrike skal hjelpe til med design av reklame i valkampen. Det kom til med at Targeir (som bur i München i Tyskland) prata med folk i Piratpartiet i München då han var på besøk på møte der dei klistra plakatar på plakatstativ, som er vanleg i München. Han som Targeir prata med i München kontakta designar i Piratpartiet i Austerrike, som igjen kontakta Targeir og Anders Kleppe. Det vil bli jobba meir med dette er landsmøtet i mai.

Eventuelt

Vi pratar litt om grøne forslag under diverse andre ting. Vi pratar litt laust om kanalar og bilvegar i Arendal sentrum. Asbjørn pratar om at vi må bygge ned offentleg sektor.

Targeir nemner at det i denne delen av møtet eigentleg var meininga å spørje styret i Vest-Agder Piratparti om kor langt dei hadde kome med registrering av fylkeslag i Vest-Agder og lokallag i Kristiansand. Det er umogleg å gjere no sidan ingen av dei kom i kveld. Targeir gir e-postadresse for leiar og nestleiar til Svein, så han kan kontakte dei og følgje dei opp.

Vi tenkjer på å ha eit nytt møte for begge fylkesstyra på Agder kort tid før landsmøtet. Vi må vente med å bli einige om tidspunkt. Er mogleg at vi kan møtast fysisk i Bergen på kvelden rett før landsmøtet startar. Vi skal også ha eit møte seinare i mai på nett for planlegging av Arendalsuka og valkamp.

Møtet blir avslutta klokka 21.