Referat fra programbandemøte 2017-03-08

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Møte i Programbanden til Piratpartiet

Stad: Mumble-server til Young Pirates EU, rom "Unge Pirater"

Start: 21:00

Frammøtte: Targeir Attestog (leiar) - fungerte som møteleiar og referent på same tid Asbjørn Ulsberg Thomas Gramstad (frammøtt frå klokka 21:10) Anders Kleppe (observatør i komitéen, for han er partisekretær; frammøtt fram til klokka 21:22)

Meldt om fråfall: Geir Martin Ohna

Anders meiner at GitHub ikkje er eigna til bruk for vanlege folk.

Asbjørn meiner at Git er bra for å vise kor i teksten det er gjort endringar. Anders er einig med Asbjørn, men er einig i at GitHub er for vanskeleg for ikkje-teknikarar å bruke.

Thomas kjem klokka 21:10.

Asbjørn: Vi må ha verktøy for å gjere jobben enklast muleg. Asbjørn: Unikt løpenummer for forslag for diskusjon i andre kanalar. Den type kilde til sanning finst ikkje andre stader, og vi må lage forslagnummer manuelt.

Anders: Ikkje rekne med at folk kjem med endringsforslag på GitHub. Asbjørn: Kan lære opp folk med video for å bruke GitHub. Han spør Anders om det er heilt utopisk?

Anders: Vi må ikkje kaste bort tida til styret og sekretariatet.

Anders går frå møtet 21:22.

Thomas meiner at det er terskel for å lære seg å bruke wikien, og også GitHub.

GitLab blir nemnt. Asbjørn seier at det er Open Source. Ein episode nyleg der mykje data blei tapt. For risikabelt meiner Asbjørn og Targeir.

Vi prøver med GitHub for organisering internt i Programbanden, og Reddit for diskusjon blant medlemmar. Folk kan også kommentere forslag på e-post til programbanden@piratpartiet.no. Targeir og Asbjørn tar ansvar for at GitHub fungerer. Geir er også positivt innstilt til GitHub, og vil bidra også til at det fungerer. Thomas ønskjer å berre hjelpe til med å kommentere forslag som kjem inn fram mot landsmøtet, og vurdere å bli med på bruk av GitHub etter landsmøtet.

Asbjørn skal lage video-tutorial. Han har laga det med tekst.

Asbjørn foreslår opplæring av Targeir i GitHub i morgon klokka 21.

Vi som er til stades synest at Targeir sitt omstruktureringsforslag er ryddig, men er naturlegvis omfatande.

Targeir opplyser om at ting vi ikkje rekk å ta opp på landsmøtet i Bergen i mai, tar vi ved behov opp på ekstraordinære landsmøtet i Arendal i august.

Piratkodeksen inn i kjerneprogrammet: Thomas er positiv.

Targeir diskuterer introduksjonsomstrukturering. Thomas og Asbjørn er einige i forslaga.

TIV5: Einig. Kanskje bytte ut "siden" med "da".

Asbjørn: Kva kan vi endre sjølv ved korrektur? Targeir: Vi kan kanskje endre rekkjefølgje i konkret-liste, så lenge vi ikkje flyttar innhald til ann søyle. Vi kan rette skrivefeil.

Diskusjon om Kenneth Poldens og Geir Martin Ohnas foslag om bevæpning av politiet. Asbjørn: Kriminaliteten blir hardna. Prøve å finne kombinasjon av forslaget til Polden og Ohna. Thomas: Bør ha med utdjupingstekst frå Geir uansett i programmet.

Fjerning av punkt om sletting av politiregister etter 10 år: Targeir påpeiker at det ikkje passar med anna punkt om forfølging av korrupsjon 20 år tilbake i tid. Vi må diskutere det med sletting av politiregister, slik at det blir gjennomtenkt. Greitt med fjerningsforslag no, så vi kan diskutere det i ro seinare.

Diskusjon om Hollunds Open Source. Er snakk om presisering, så forslaget er greitt for oss i komitéen.

Thomas støttar kombinasjon av ulike endringsforslag for utdanning frå Targeir og Rune Mathisen.

Diskusjon av TiV3 om offentleg finansiert forsking: Alle tre igjen på møtet meiner at det er punkt som må inn.

Vi tar ein rask prat om valprogramforslag og blir einige om å prate meir om det på neste møte. Vi meiner at vi sannsynlegvis bør vente med forslaga frå Morten Olsen i Næringspartiet til etter landsmøtet i Bergen og ta det opp i Arendal i august. Dei treng god tid på behandling.

På neste møte må vi også bli einige om kva slags forslag som skal prioriterast. Vi håper at nokre av dei minste endringane kan bli sett på som retting av skrivefeil, som vi ikkje treng å bruke tid på på landsmøtet.

Slutt: 22:20