Referat ordinært landsmøte 2017

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk

Skal snart fikse på formatering. PDF-utgåve er tilgjengeleg her: [1]

Referat frå Piratpartiets 5. ordinære landsmøte

Stad: USF Verftet, Bergen

Tid: 6.–7. mai 2017, klokka 10–17 begge dagane

Møteleiar: Daniel Mekki

Referent: Targeir Attestog

Protokollunderskrivarar: Olav Handeland og Geir Martin Ohna

Teljekorps: Svein Mork Dahl og Geir Martin Ohna

Dag 1: Laurdag 6. mai 2017

Stemmerett

Møtet startar med diskusjon om kven som har stemmerett på møtet. Møteleiar meiner at vedtektene ikkje forbyr suspenderte å ha full tale- og stemmerett. Han meiner at vedtektene er svake på det området og suspensjon er berre ein tittel for folk som får varsel om behandling av eksklusjon på landsmøtet. Derfor får dei suspenderte lov til å delta på møtet med full tale- og stemmerett.

Det elektroniske stemmesystemet i seg sjølv ser ut til å kome opp, men Øystein Middelthun, som spontant tar på seg organisering av det, har framleis ikkje fått tilgang til korrekt medlemsliste av partisekretær Anders Kleppe. Derfor blir det nødvendig å førebels bruke setlar til avstemming, slik andre politiske parti i Noreg gjer det.

Møteleiar kommenterer at det er vanleg at folk stemmar per epost, men han meiner at det er veldig rotete.

Det blir diskusjon om fullmakter frå dei som sit heime til dei i salen til å stemme for seg. Møteleiar meiner at det er heilt lov etter norsk rettspraksis. Landmøtet godtek det.

Møteleiar foreslår at papirstemmer også blir brukt for å vise kva dei som har fullmakt stemmer etter at stemmene i salen er talt opp. Landsmøtet godtek det også.

Opningstale ved partileiar

Opningstalen til partileiar Tale Østrådal blir halde av organisatorisk nestleiar Gorm Hanssen og partisekretær Anders Kleppe, sidan Østrådal ikkje kunne kome.

Hanssen fortel at Østrådal har trekt seg som leiar og at Øyvind Eikrem har tatt på seg å vere leiar.

Kleppe fortel at det ikkje var pengar til ekstraordinært landsmøte, sjølv om det var ganske sterkt krav om det tidlegare i år. Situasjon no meiner han er som for rundt to år sidan og nemner at ein del styremedlemmar skal ikkje ha klart å takle omstenda i partiet. Likviditeten skal vere lik 0, slik at betaling for lokale til landsmøtet skjer etter 1. juli når partiet får neste utbetaling av partistøtte.

Det skal ha blitt berre 10 % av avkorting av partistøtta, sjølv om partilovnemnda for to år sidan ville avkorte heile støtta. Kleppe måtte vende seg til leiargruppa for å løyse problemet. Likviditetsproblem igjen. Kleppe poengterer at partiet har reglar å forhalde seg til, og at det derfor må ha eit profesjonelt styre.

Det skal ha vore mykje arbeid på tre personar i administrasjonen og styret. Desse har ikkje fått gjort ting slik som ønskt fordi dei måtte takle støy. Folk i styret må vite kva dei driv på med, elles forsvinn partiet ved neste korsveg, ifølgje Kleppe.

Daniel Mekki blir innstilt som møteleiar.

Godkjenning av innkalling og dagsorden.

Ørjan Langbakk har innvending til innkallinga. Han fortel at den definitivt ikkje gått til alle medlemmar. Innkalling må bli gjort mykje betre. Langbakk skal vere den einaste som har fått innkalling av eldre medlemmar i Hordaland Piratparti.

Anders Kleppe er heilt einig i innkallinga ikkje gjekk heilt som den skulle, men det sekretariatet og styret har gjort det dei kunne. Han nemner at ein har slitt med å få opp automatisk medlemssystem.

Olav Handeland seier at Ikkje alle har fått innkalling, og at ved påpeking av vi blitt møtt med stille og «er det så nøye»-haldning. Han meiner også at prosederinga i sjølve innkallinga er usakleg.

Øystein Middelthun påpeke at automatikk har ikkje noko med dette å gjere. Han trur ikkje at han sjølv står på liste.

Thomas Gramstad fortel at fleire saker ikkje er lagt ut. Møteleiar fortel at det kjem opp på dagsorden.

Håvard Hatlevik seier at rekneskap og årsmelding må bli lagt ut i tide.

Anders Kleppe kommenterer at årsmelding og rekneskap for 2013 og 2016 skal snart bli lagt ut. Han fekk desse inn først i går kveld, men han har enno ikkje fått dekt til signaturar som underskrivar ikkje ville at skulle bli offentleggjort, av omsyn til personvern.

Innkalling blir godkjent med merknader om manglar.

Dagsorden

Targeir Attestog blir godkjent som referent.

Olav Handeland og Geir Martin Ohna blir valt som protokollunderskrivar.

Det kjem innspel frå Ståle Olsen om at dagsordenen til sekretariatet ikkje kan bli godkjent i si noverande form.

Olav Handeland siterer eigen e-post til sekretariatet: «Dagsorden inneholder prosederinger. Dette er useriøst og ikke akseptabelt.»

Middelthun påpeker at fleire forslag ikkje står på agendaen, og at det bør bli handtert først. Han tilbyr å sende forslaga på nytt.

Targeir Attestog svarar med replikk at han er glad for å få tilsendt forslag frå Middelthun som ikkje har kome på agendaen, for det er vanskeleg å raskt finne dei igjen i e-posten. Attestog kan bekrefte som medlem i sekretariatet å ha sett at dei kom inn før fristen og forstår ikkje heilt korfor dei ikkje er lagt ut på agendaen på wikien.

Lillian Wangondu må gå og gir stemme til Svein Mork Dahl. Det skjer fleire gongar seinare på dagen at andre folk må gå og gir stemmefullmakt til andre i salen. Referent Attestog fekk ikkje notert alle desse, men kan forsikre om at møteleiar Daniel Mekki tok seg av det på ein ryddig måte.

Det blir nokre minutts pause der møteleiar Mekki behandlar innkomne fullmakter. Attestog mottek e-post med dei fire forslaga på wikien kort tid etter og legg desse fire forslaga ut på wikien som forslag ANF-1, 2, 3 og 4.

Svein Mork Dahl og Geir Martin Ohna blir valt til teljekorps.

Det blir fremja forslag om behandling av desse sakene rett etter partisekretær sin rapport:

ANF-3: Oppheving av ugyldige landsstyrevedtak

ANF-2: Mistillitsforslag mot sentralstyre og partisekretær

ANF-4: Eksklusjon av partisekretær Anders Kleppe

For behandling rett før val av sentralstyre og programbande:

ANF-1: Oppretting av valkomité og kontrollkomité, slik at desse kan veljast rett etterpå saman med sentralstyre og programbande.

Kleppe fortel til forslag ANF-3 at vedtektene tillét delegering av landsstyreansvar.

For avstemming om dagsorden har møteleiar talt opp 37 personar, inkludert fullmakter, som får sjansen til å stemme i første omgang.

Møteleiar poengterer at det står ingen ting om mistillit i vedtektene.

Hatlevik svarar at landsmøte kan definere vedtak som ikkje er i vedtektene.

Møteleiar seier at ein ikkje kan kaste styre på mistillit.

Ståle Olsen kommenterer at Øyvind Eikrem og Tale Østrådal ikkje er på val. Sentral påstår at Tale skal halde fram, men Eikrem skal overta administrativt.

Hans Håkon Skjølsberg seier at vi skal ta alle på val. Det er tvilsamt med administrativ ordning.

Møteleiar poengterer at benkeforslag ikkje har tidsfrist, og Hatlevik uttrykker at han er glad for det. Hatlevik refererer til at Østrådal har trekt seg, og han meiner at alle i styret må kunne stille til val på dette landsmøtet.

Øyvind Holm seier at Østrådal fekk ut informasjon på Internett om at ho fråtrer stillinga si. Hatlevik krev heilt nytt styre og generalsekretær.

Kleppe seier at vedtektene må endrast. Partisekretæren må seiast opp (for han er tilsett), og han vil akseptere det viss det skjer. Han seier at han har gjort pliktene sine.

Stemming over dagsorden. Nytt forslag til endring av dagsorden vedtatt med 20 mot 17 stemmer.

Årsmeldingar

Kleppe presenterer først revidert årsmelding for 2013. Han seier at forstyrringar har ført til at leveringar av årsmeldingar har blitt forseinka. Han skyt inn at han og Gorm Hanssen skal ha skrive årsmeldinga for 2016 heilt aleine. Revisors melding for 2016 skal kome i neste veke. Kleppe fortel at vi må rapportere innan 1. juni, for elles mistar vi partistøtte.

Middelthun opplyser om at 2013-årsmelding er grovinnført av Geir Aaslid.

Handeland spør om korleis vi skal halde oversikt over rekneskap med det som Kleppe presenterer.

Kleppe fortel at det som er lagt fram, er det som revisor godkjenner.

Møteleiar foreslår at at vi ser på rekneskap og styremelding for 2013 og 2016 i morgon, som er greitt for Handeland.

Pause frå 12 til 13:15.

Diskusjon om kven som har stemmerett.

23  til stades. 24 fullmakter. Totalt 47 stemmer.

Landsmøtet blir einig om å sjekke av avvik med stemmer i etterkant.

2014

Anders Kleppe gjennomgår rekneskap for 2014.

Ståle Olsen spør om kor stor del av underslaget skjedde i 2014. 25-35000 ved avslutninga av 2014, svarar Kleppe.

Kleppe gjennomgår årsmelding for 2014. For han verka detlenge som dåverande generalsekretær hadde kontroll på rekneskap. Kleppe nemner at det skal ha vore dårleg budsjettkontroll på den tida, og det skal ha vore eit enormt arbeid å finne fram til gamle bilag.

Revisors melding fekk ein del kritikk, som ifølgje Kleppe ikkje er uventa.

Kleppe viser til arbeidsbyrde i vår ved at partiet blei pålagt å levere 2013 og første kvartal for 2017. Anders ville avvente det for å spare tid.

Han kommenterer for 2016 at det er effektar som vi ikkje kan selje. Derfor likviditetsproblem no.

2015

I starten av 2015 syntest Kleppe at det var rart at det var behov for å ta opp lån. Han fekk tilgang på bankkonto og såg tydeleg at det var underslag.

Vi måtte redde det som var å redde og betale kreditorane som vi kunne betale. Dei blei brukt mange ressursar på å spore opp bilag for 2015 også.

2015 var kaosår med opprydding. Sum av opptent eigenkapital blei redusert.

Handeland fortel at det finst ulike versjonar av 2015-rekneskapen. Alt er i stor kostnadspost i det som Kleppe presenterer. Handeland fann igjen den meir utfyllande rekneskapen på wikien og fekk ikkje svar frå Kleppe tidlegare i år på innhaldet i det. Handeland spør Kleppe om rekneskap som Handeland har funne, er riktig.

Kleppe fortel at små endringar i balansen for 2014 og 2015 blei gjort etter revisjonen.

Balansespesifikasjonar og alt er med. Måtte gjere endringar for å følgje lovens krav.

Handeland svarar med at dette kan umogleg stemme. Rekneskap som Kleppe presenterer i dag manglar detaljar. Handeland les opp deltaljar i rekneskapen som han fann.

Anders svarar om innsyn at dei andre i partiet naturlegvis skal de få innsyn, men no er vi litt i krise. Derfor har vi ikkje bestilt dei meir omfattande rapportane. Vi kan få dei viss vi kan betale for dei etter

1. juli.

Handeland fortel at han spurde om tilgang 26. mars. Kleppe svara med å foreslå at Handeland kunne hjelpe han og at Handeland ikkje skulle spre løgner.

Handeland foreslår gransking av ekstern kommisjon, som vil seie utan medlemmar i noverande eller neste sentralstyre. Anders forklarer og seier at alt skal bli offentleggjort.

Årsmelding for 2015 blir presentert der tal på betalande medlemmar har gått mykje opp og ned. 2015 og 2016 var venteår med mange møte, som var nødvendige.

Revisormelding for 2015 blir lagt fram.

Kleppe fortel at han fekk hjelp av ein i partiet som no er revisor til årsmeldinga. 186 000 er garantert underslått. Etterforsking pågår enno.

Middelthun spør om det er framgang i saka. Kleppe seier at han har vore i mange samtalar med politiet.

Alt dette har vore knallhardt arbeid. Etter dette landsmøtet seier Kleppe at han skal purre på politiet kvar dag, som også er einige i at det har vore underslag.

2016

Rekneskap for 2016 blir lagt fram, som har litt forseinka revisjon. Rekneskapsførar skal rapportere for Piratpartiet før 1. juli. Kleppe seier at det har vore store tap. Han skal ha forsøkt å få til ordning for å tilføre Piratpartiet likviditet, men det fekk ein ikkje heilt til. Kleppe tar sin del av skulda for det, og det same gjer styret.

Han skulle eigentleg ha hatt budsjettet for 2017 klart i dag, men det blir klart til i morgon. Kleppe har ikkje hatt tid før, og det er mykje lettare å gjere det no som han har 2016-rekneskap. Kleppe skryt av at ein endeleg har fått med noter etter signaturar i 2016-rekneskapen. Kleppe meiner at partiet må få tak i hovudboka, men vi må skaffe pengar til å betale for det.

Geir Isene gir uttrykk for forskrekkelse av at det er stort problem med rekneskap. Han har aldri sett så dårleg rekneskap før. Kraftig oppvask trengst. Synd at dette ikkje kjem i forkant. Usunt for partiet.

Kleppe er einig og han refererer igjen til problemet er at ein har brukt mykje tid på å finne enkeltbilag. Han nemner også det faktum at han er ufør. Han seier også at likviditetssituasjonen er kritisk, at den ikkje er så ille som i 2015, men ikkje så langt ifrå.

Geir Isene fortel at det burde ha vore veldig få utgifter. Underslaget burde ha blitt svelgt på eitt år. Det burde lett ha gått 200 000 kroner i overskot kvart år.

Handeland seier at fordi vi ikkje har gjort slik og slik, så går vi konkurs, er noko Kleppe stadig gjentar. Handeland meiner at det kan løysast på annan måte. Han meiner at Kleppe ikkje har så stor grunn til å skryte av seg sjølv.

Kleppe er einig med Handeland om at det er mange kritikkverdige forhold. Derfor ønskjer han styremedlemmar på dette landsmøtet som kan handtere press.

Handeland takkar for at Kleppe tek kritikk.

Etter innspel frå møteleiar godtek landsmøtet årsdokumenta for 2014 og 2015 skal bli godkjent på ordinær måte, og at 2013 og 2016 skal bli godkjent med forbehold.

2013 og 2014 blir einstemming godkjent.

For 2015 blir det protokollført innlegg frå Handeland: Det er ikkje sendt ut rekneskap med tilstrekkeleg detaljar. Note manglar. Generalsekretær er einig i det.

2015  blir godkjent slik det som er presentert, einstemmig vedtatt.

For 2016  har ein ikkje hatt tilstrekkeleg tid til å setje seg inn i deltaljane.

2016  blir godkjent med 34 mot 13 stemmer.

Det kjem forslag frå Olav Handeland om granskingskomité for innsyn i hovudbok med frist sju dagar etter landsmøtet. Kleppe og Handeland blir einige om frist 1. juni. Handeland vil vente med utnemning av komité til styre er valt. Møteleiar foreslår det same, og landsmøtet går med på det.

Avstemning over forslaget: 18 for, 29 imot. Forslaget faller.

2017

Anders pratar om det som skjedde til no i 2017 og kommenterer at det er dårleg likviditet og at pengar er lånt av Unge Pirater. Han meiner at ein må få rydda opp.

Handeland kommenterer at det blei brukt mykje pengar i 2015, 2016 og også 2017. Han minner om  at styret har ansvaret og at det har blitt verre år for år.

Liten pause.

Diskusjon om elektronisk stemming

Raymond kommenterer at ein må gi elektronisk stemmerett.

Hatlevik seier at møteleiar foreslo midlertidig system for at vi må kome framover, og saker fram til no har ikkje vore så viktige.

Middelthun seier at han framleis ventar på liste over medlemmar med stemmerett.

Targeir Attestog foreslår debatt om programforslag og vedtektsforslag no og at landsmøtet tek for seg tyngre saker i morgon.

Det blir då foreslått å ta helsingstale med Unge Pirater og deretter behandling med avstemming av kjerneprogramforslag.

Det blir stemt over ny dagsorden med 2 frammøtte (med uvesentleg tal på fullmakter) som stemmer imot, så den blir vedtatt.

Tale ved Unge Pirater

Helsingstale ved Unge Pirater blir halde av uPir-Leiar Adrian Tveito Ingebrigtsen, som annonserer at han er representanten til Unge Pirater i sentralstyret.

Kjerneprogram

Generell debatt om Kjerneprogrammet blir det ikkje noko av.

Targeir Attestog og Geir Martin Ohna frå programbanden forklarer forslag KEF-1 og KEF-2, som handlar om departementstruktur i kjerneprogram. Rundt 80 medlemmar skal ha vore med på å lage departementstrukturen i 2013, og det blir av Attestog og Ohna oppfatta som eit arbeidsdokument som partiet kan arbeide med vidare fram mot valet. Begge er mest for KEF-2, der denne strukturen er eit tillegg til noverande kjerneprogram, ikkje erstatning, som i KEF-1.

Landsmøtet blir einige om at KEF-1 og KEF-2 er alternative forslag, som må bli sett opp mot kvarandre.

Programbanden fortel også at KEF-3, 4, 6, 11, 24, 26, 37 og 40 skal bli stemt over samla, sidan det eigentleg er same forslaget for ei omfattande omstrukturering av kjerneprogrammet.

KEF-2 einstemmig vedtatt. KEF-1 einstemmig avvist på same tid.   

Geir Martin Ohna forklarer KEF-40. Folk i salen meiner at forslaget gir ei betre formulering, men kan bli gjort endå betre. Isene foreslår å legge til «og kunne brukes fritt.» på slutten av dei to aktuelle setningane i forslaget:

«Kreve at offentlig finansiert forskning må publiseres i åpent format og være fritt tilgjengelig og kunne brukes fritt.»

«Data og programvare finansiert gjennom offentlige midler, helt eller delvis, skal være åpent og fritt tilgjengelig og kunne brukes fritt.» Einstemmig vedtak av KEF-3, 4, 6, 11, 24, 26, 37, 40.

Einstemmig vedtak av KEF-14, 21

For KEF-27 kommenterer Geir Martin Ohna at vi legg meir vekt på ei søyle ved å flytte den fram.

KEF-27, 34 einstemmig vedtatt.

KEF-10 blir flytta fram i prioritet til rett er KEF-9 etter innspel frå Hatlevik med godkjenning frå programbanden.

KEF-9 einstemmig vedtatt

For KEF-10 seier Hatlevik at intensjonen for forslaget er god: Auke kvalitet på undervisning i skulen. Men prosessen har valt enn annan veg enn det som foregår her. Det er betre å velje ei retning med kvalitet på det som er skrive i forslaget.

Handeland støttar opp under forslaget, for han meiner at IT-fag går på bekostning av andre fag.

Gorm Hanssen kommenterer at vi ikkje har hatt debatt i partiet om vi skal støtte sentralisering av skulepolitikk.

Ein frammøtt er for KEF-10. Forslaget falt.

KEF-12, 16, 19 einstemmig vedtatt.

Om KEF-25 meiner Ohna at vi har bra system for dette i dag.

Kleppe fortel om nokre eksempel på relevante saker.

Dahl forklarer fakta om politiets arbeidsregister.

Attestog seier at eksisterande punkt er i strid med eit anna punkt i kjerneprogrammet om at korrupsjon skal kunne etterforskast 20 år tilbake i tid.

Hatlevik støttar argumenta til Attestog og Ohna frå grunngivinga til forslaget.

3 frammøtte imot KEF-25 så forslaget er vedtatt.

Om KEF-28 seier Ørjan Langbakk at han ser ingen grunn til å fjerne punktet. Grunngiving er ikkje god nok. Ståle Olsen meiner at ein bør behalde paragrafen, for den er veldig viktig og godt formulert. Ohna seier at dette er lova no, men den blir omgått. Hatlevik foreslår å dreie debatten inn mot KEF28.1, som går ut på å gjere ei lita endring i punktet.

Einstemmig vedtak for innhald i KEF-28.1. Alle er imot KEF-28.

KEF-29/KEF-29.1/KEF-29a:

Geir Martin seier at KEF-29 er dårleg formulert.

Gorm seier om det same forslaget at ikkje-dødelege våpen kan vere invalidiserande.

Handeland ønskjer setninga «Piratpartiet er imot generell bevæpning av politiet.» og Attestog og Dahl foreslår det som ny tekst for KEF-29.1.

Avstemning om 29.1 med ny formulering, som blir einstemmig vedtatt.

KEF-29 blir einstemmig avvist.

4 frammøtte er imot forslag KEF-29a, så forslaget blir vedtatt.

25 stemmer for forslag KEF-35 om at setning om seksualfag skal fjernast. 22 er imot. Forslag om fjerning blir vedtatt.

KEF-39:

Hatlevik meiner at forslaget har god intensjon, men at det ikkje er godt formulert.

Gorm Hanssen kommenterer at det er mykje politisk styring i forsking.

Forslag falt med 2 stemmer for blant dei som er til stades.

KEF-41/41.1:

Ohna meiner at KEF-41.1 er best. Noverande formulering av punkt er feil.

Hatlevik meiner at KEF-41.1 er betre enn gammal tekst, men har problem med det som kjem i setninga som står etter kommaet. Hatlevik er imot prinsippet i setninga.

Langbakk er einig med Hatlevik og meiner dagens formulering og den i 41.1 er overformynderi.

KEF-41 blir einstemmig vedtatt. KEF-41.1 blir då ikkje vedtatt.

KEF-42, 43, 47.1 blir einstemmig vedtatt.

Dag 2: Søndag 7. mai 2017

Start klokka 10:20.

Diskusjon om fullmakt ved stemmesystem no som elektronisk stemmesystem er på plass med invitasjon sendt ut til alle med stemmerett. Møteleiar fryktar valfusk ved bruk av fullmakter.

Gorm spør om det mogleg å kaste ut folk som har gitt fullmakt til andre.

Middelthun svarar at vi har aldri godtatt fullmakter før. Han nyttar samtidig høvet til å instruere om registrering og innlogging i stemmesystemet.

Gorm meiner at det har blitt brukt fullmakt på tidlegare møte.

Raymond Johansen fortel at partiet har vedtekt om at medlemmar skal kunne stemme. Han er redd for at det må bli gjenopptaking viss vi framleis bruker fullmakter.

Holm seier at stemmesedlar og fullmakter var naudløysing i går. Partiet har brukt PollEverywhere tidlegare.

Handeland seier at forarbeid for avstemminga ikkje var gjort skikkeleg og meiner at det er kritikkverdig. Middelthun har ordna opp dette i det. Vi er klare for å gjere det ordentleg og det er ufint å gjere det annleis. Vi har aldri brukt fullmakter når vi har brukt PollEverywhere.

Kleppe påstår at vi brukte fullmakter i 2014.

Olsen meiner at systemet med fullmakter er ei dårleg løysing, sjølv om det blir brukt i enkelte parti. Det blir ugunstig fordel for storfamiliar og liknande med mykje makt. Vi må unngå det i Noregs mest demokratiske parti.

Middelthun seier at han kom med tilbod om å hjelpe med stemmesystemet. Han fekk ikkje spesielt god informasjon i går om kven som har stemmerett. Sekretariatet har alltid hatt ansvaret om kven som er medlemmer. Slik var det ikkje i fjor då eg måtte hjelpe.

Kleppe seier at For to år sidan sat han, Middelthun og Tobias Brox og diskuterte medlemssystem. Brox skal ha nekta å hjelpe å gjere det på riktig måte. Partiet skal ha måtta vente med å kjøpe tenester, for det hadde ikkje pengar til det.

Middelthun fortel at Kleppe tvinga oss til å slutte å utvikle medlemssystem.

Avstemming: 82,86 % for berre digital avstemning (29 av 35 stemmer), altså utan fullmakter, så det blir vedtatt.

Avventande suspensjonar

Øyvind Nondal og Bjørn Gotheim skal ha blitt avventande suspendert fordi dei hadde meldt seg ut før suspensjonar av dei kunne behandlast. Ved slikt vedtak skulle dei då bli automatisk suspendert ved ny innmelding. Nondal skal ha meldt seg inn på nytt, ifølgje Kleppe.

Avventande suspensjonar kan ikkje behandlast ifølgje møteleiar, for det står ingen ting i vedtektene om det. Avventande suspensjonar blir dermed avvist.

Han opplyser om at eventuelle eksklusjonar av dei andre suspenderte vil tre i kraft når landsmøtet er over.

ANF-2: Mistillit til partisekretær og sentralstyret Handeland les opp forslaget og forklarer det.

Johansen seier at han må ta sjølvkritikk. Det har vore dårlege rammevilkår og problem med kommunikasjon med medlemmar, lokallag og fylkeslag. Også konfliktar internt i styret. Han meiner at styret kunne ha gjort ein mykje betre jobb på mange område, og at det har prøvd sitt beste.

Kleppe fortel at ingen ville ta jobben hans. Han visste at han ikkje hadde kapasiteten som skulle til. Han og styret måtte prioritere, for dei hadde ikkje all verdens av arbeidstimar tilgjengelege. Dei har jobb, studium og/eller familie på si. Viss ein har gjort ein innsats, skal Piratpartiet dekke kostnader og middag. Kleppe skal ha jobba med partilovnemnda, revisor og juristar. Dei fortel korleis problemet skal løysast. Partiet var teknisk konkurs for to år sidan, og det skal vere fare for det igjen no. Han meiner at partiet er i likviditetskrise no.

Hatlevik kommenterer at Kleppe forsvarer seg med innsats og arbeidskapasitet, men mobbing av meiningsmotstandarar kan ha ta seg tid til. Kleppe skal ikkje ha gitt innsyn i ting som det hatt blitt spurd om.

Handeland legg til at Kleppe seier at vi må samarbeide med han, elles så går partiet går konkurs. Handeland meiner at det ikkje stemmer.

Thomas Gramstad fortel at fem personar laga utkast til krav om ekstraordinært landsmøte. Han var sjølv i tvil om å støtte det, for det var kort tid før det ordinære landsmøtet. Han meiner at det var på eit uheldig tidspunkt, men udemokratiske ting skjedde. Tobias Brox blei attvald som leiar i Oslo Piratparti, sjølv om han er suspendert, for det er ifølgje vedtektene ikkje ulovleg. Oslo Piratparti blei hemmeleg lagt ned då det hadde vore eit årsmøte der, som styret ikkje godtok. Det blei då levert alternativ valliste utan Oslo-borgarar, og interrimstyre blei oppretta. Gramstad støttar mistillitsforslaget, med unntak av folk som kjempa imot.

Johansen fortel at partileiinga/sekretariatet har gjort alvorlege ting utan å konferere med styret.

Gramstad fortel at foreslåtte unntak frå mistillit er Tale Østrådal og Raymond Johansen.

Kleppe nemner som svar til Johansen eit todagarsmøte i Trondheim i fjor om det vi skulle gjere i valåret då vi fekk pengar tilbake. Kleppe minner om at partiet ikkje hadde nok pengar då.

Kleppe fortel at det er fleire paragrafar frå vedtektene som Hordaland-styret har brote. Han meiner at det var ingen aktivitet sidan valkampen i 2015. Hordaland og Oslo har mista partistøtte. Hensikten med vedtektene skal ha blitt tatt opp på siste landsmøte, for folk meinte at dei måtte justerast.

Hatlevik les opp innlegg frå Geir Isene, som bemerkar dårleg rekneskap, som er veldig uspesifikk. Det er kkje bra for parti som er forkjempar for ope haldning. Han meiner at partisekretæren bør bytast ut. Det e lite rekneskap med få bilag. Føring burde vere enkelt. Partisekretær har uttalt at det manglar 37 bilag. Det er eit mysterium at det har blitt brukt så mykje tid. Det held ikkje å legge skulda på tidlegare styremedlemmar. Styret har skapa splid i partiet, som tyder på at det ikkje fungerer. Isene vil takke for seg viss partisekretær og styret ikkje blir kasta. Elles vil han hjelpe til med å rydde opp.

Kleppe fortel at tida 2013–15 har det sitjande styret eigentleg ingenting med å gjere, men det skal likevel ha rydda opp i kaos i rekneskap for den perioden. Sal av merchandise har partiet ikkje kapasitet til, meiner Kleppe.

Gorm Hanssen seier at revisor kan bekrefte eller avkrefte uregelmessigheiter.

Ohna presiserer det med sabotering av lokallag. Han håper at det vil ordne seg heilt for Hordaland, for det har han tru på. Han leverte liste sjølv, fordi det var rot i Hordaland og det ikkje hadde vore leiarval på lang tid. Det gjekk for fort, meiner han. Det var ein del vedtektsbrot som gjorde at han handla slik. Dessverre blei det mykje konflikt. Desse ueinigheitene seier han at Hordaland Piratparti fekk ordna opp i i samtale i går kveld.

Hatlevik vil bekrefte det som Ohna seier, og at han er grei å snakke med. Hordaland går mot forsoning. Dette er separat frå konflikt med partisekretær og partileiingadelsen. Sistnemnte veit han ikkje kven er.

Middelthun seier at han engasjerte seg då det blei suspensjonar. Han har observert meir og meir maktmisbruk. Det er dårleg argument å ha dårleg tid. Mykje tid har blitt sløst på suspensjonane. Kleppe forsøkte å få alle på Oslo-årsmøtet til å bli suspendert, men det skjedde ikkje.

Kleppe fortel at det var forslag om vurdering av suspensjon, ikkje faktisk suspensjon.

Middelthun påstår Anders prøver å fråskrive seg ansvar, og gi det over til Gorm.

Handeland kjem med anna eksempel på ikkje-fungerande prosessar: Mange fakturaer frå GC Trade, som er einpersonføretak stifta av Anders Kleppe. Handeland spør om Kleppe kan Anders gjere greie for kjøp av t-skjorter og augelappar utan å ta det opp i styret. Handeland presenterer store tal. Dette må ligge føre seg synleg, meiner han. I rekneskap for 2016 kjem det ikkje klart fram kor dette er kostnadsført.

Gorm Hanssen påstår at det ikkje blir lagt mykje skjul på dette. 2016-rekneskap blei vedtatt av landsmøtet i går, så Hanssen forstår ikkje kvifor vi pratar om dette. Kvar T-skjorte kostar omtrent 98 kroner og omtrent like mykje i momsing og behandling av dette. Han meiner at partiet ikkje har råd til å selje dette utan GC Trade akkurat no.

Handeland minner om at 2016-rekneskap er godkjent med forbehold. Han meiner ikkje at det nødvendigvis er gjort noko ulovleg.

Øyvind Holm meiner at ope-haldning-prinsippet har blitt brote. Rekneskap skulle leggast ut på wiki.

Dessutan bryt interrim-styre med demokratiske ideal. Holm refererer til dokumentasjon som er lagt ut på GitHub. Han forklarer også at wikien manglar mange artiklar som var der tidlegare.

Gorm Hanssen seier at Piratpartiet kan godt ha kvartalsrekneskap, men det er veldig dyrt.

Han forklarer retten til å opprette interrimstyre, som sentralstyret har.

Raymond Johansen fortel at styret er veldig delt. Det er fleire entitetar: Styret og representantane i det. Og i tillegg partisekretæren. GC Trade blei kjent for styret i desember. Inngåing av avtalar har ikkje blitt lagt fram for styret.

Kleppe presiserer at det blei nemnt i Trondheim i fjor, men referat frå det møtet er borte.

Partisekretæren har rett til å stille forslag til styremøte og agenda for det.

Johansen seier at viss han hadde vore på utsida, ville han gjerne ha kasta styret og partisekretæren. Han meiner at det er nydeleg at partar kjem saman i Bergen.

Kleppe repeterer at det han foreslo vurdering av suspensjon av fleire medlemmar frå Oslo. Han skal ha anbefalt styret å vurdere det, for det er klart for han at dei i Oslo har brote vedtekter.

På Trondheimsmøtet i fjor var partiet framleis i krise og kunne gjere lite. Han innrømmer at dei sentralt ikkje var særleg flinke i det dei gjorde.

Merchandise skulle ordnast så fort det var mogleg. Det blei prata med styret så fort som mogleg. Øyvind Nondal, Gorm Hanssen og Øyvind Eikrem blei spurd om å stifte selskap, men ville ikkje Raymond fortel at styret ikkje blei involvert.

Kleppe seier at han spurde Middelthun. Det er jo vedtak om å stifte AS med 70 % eigarskap for Piratpartiet, og resten for medlemmar som er villige, men ingen ville vere med på det.

Avtale blei avbrote. T-skjorter blei betalt direkte frå partiet.

Piratpartiet har tatt over alt ansvaret for merchandise. Det vil vere nullrekneskap for GC Trade, for Kleppe må legge det ned. Han har ikkje kapasitet til å drive det. Han har ikkje problem med å legge fram rekneskap for GC Trade.

Gramstad fortel at Anders Kleppe har ansvar for at medlemslista er oppdatert. Det har vore årsmøte i Oslo kvart år, men det kan vere vekke frå wikien på grunn av flyttinga. Nedlegging av lokallag skal vere i strid med vedtektene.

Handeland meiner at vi ikkje kan finne ut alt om GC Trade på grunn av manglande dokumentasjon. Han kommenterer at Kleppe gir ordrar og ikkje anbefalingar til styret.

Middelthun seier at partiet har tidlegare planlagt merchandise-avdeling som AS. Det blei vurdert aksjepost til den som dreiv selskapet. Han kommenterer pengesum på rundt 250 000 kroner til enkeltpersonføretaket.

Kleppe svarar at det er pengar til t-skjorter og anna merchandise.

Øystein Middelthun støtter opp om forslag frå Thomas Gramstad om at Raymond og Tale blir fjerna frå mistillitsforslaget.

Det blir poengtert at Tale har trekt seg frå styret.

Hatlevik spør om det er gyldig tilsetjingsforhold mellom Anders og Piratpartiet.

Det blir avklart at det ikkje er tilsetjingskontrakt for Anders Kleppe.

Møteleiar oppfattar det slik partisekretær blir valt i partiet. Møteleiar informerer om at arbeidsgivaransvaret ligg hos sentralstyret i liknande organisasjonar.

Handeland meiner at landsmøtet burde gå vidare til votering over mistillitssakene.

Daniel Bjerkeli synest at vi kan dele opp forslaget. Avstemmingar om mistillit mot sentralstyret høvesvis partisekretæren.

Votering over avsetjing av styre unntatt Raymond Johansen og Tale Østrådal, med umiddelbar verknad:

70,45 % for (31 av 44 stemmer) (krav: 2/3 fleirtal). Forslag er vedtatt.

Votering over avsetjing av generalsekretær Anders Kleppe, med umiddelbar verknad:

79,07 % for (34 av 43 stemmer) (krav: 2/3 fleirtal). Forslag er vedtatt.

Kleppe og Hanssen går frå salen. Det blir pause frå 12:30 til 13:00.

ANF-3: avklaring om landsstyret

Partisekretær nemnte i sidesetning at Oslo og Hordaland skal bli lagt ned. Det finst ikkje offentleggjort referat for vedtaket. Gen.sek og 4 ikkje-namngitte personar vedtok det.

Johansen fortel at det berre blir referert til sentralstyret i ettertid. Han har vedtekt om korleis generalsekretæren kunne ha gjort det, men finn det ikkje igjen i farta.

Attestog les opp §8.7 i vedtektene, som skal vere paragrafen som Kleppe har brukt.

Middelthun bekrefter at paragrafen blei vedtatt. Paragrafen gjeld ikkje her fordi landsstyret ikkje finst. Intensjonen er at det skal vere to fylkesstyreleiarar og to styremedlemmar, men det er uklart.

Gramstad meiner at dette er heilt forkasteleg. Poenget med landsstyret er å ha ei motmakt til sentralstyret. Det er i strid med det som er tenkt og gjort.

Hatlevik fortel at han fekk ein e-post 6. april om §8.5 og §8.7, og då svara han med innsigelsar. Partar i saka må opplysast og partisekretæren er inhabil i denne saka. Hatlevik fekk ikkje svar frå Kleppe, men frå Hanssen, som skreiv tre gongar at vi tar det på landsmøtet.

Hatlevik også fortel at det ikkje har blitt gjort forsøk på å få landsmøtet på banen, men i staden misbruke makt. I Hordaland skal vi ha godt samarbeid, men den legitime lista er den som er levert først.

Johansen fortel at det er mange gode grunnar til å underkjenne alle forslaga frå erstatningslandsstyret.

Attestog fortel at Kleppe har sagt at referata med vedtak skulle bli offentleggjort etter landsmøtet når ting roa seg ned.

Svein Mork Dahl seier at det er ei ikkje-sak, for desse vedtaka er ikkje offentlege.

Votering: 88,57 % støtter forslaget (31 av 35 stemmer). Vedtatt.

ANF-4: Eksklusjon av Anders Kleppe

Johansen fortel at Kleppe har gjort så godt han kan. Det er vore konflikt med underteikna. Kleppe skal ha foretatt disposisjonar utan ope haldning, og hatt press frå Oslo og Bergen.

Kleppe har ikkje den beste helsa. Han er ufør.

Vi må overføre kunnskap frå eit styre og sekretariat til det neste og då er det unødvendig å gjere Anders meir sinna, når han sit med kunnskap om infrastrukturen til partiet.

Ståle Olsen seier at sentralstyret let seg skremme av Anders Kleppe. Vi må legge frykta bak oss. Poenget med mistillitsforslaget gjeld enno. Det må få konsekvensar. Om han set seg på bakbeina, så vil likevel partiet klare seg.

Ohna støttar Johansen. Eksklusjon vil vere unødvendig. Å miste verv er nok. Skjønner argument for eksklusjon, men det er ikkje nødvendig. Det er tid for forsoning.

Odin Dillingøen seier at viss vi ekskluderer Kleppe, så søkk vi ned på hans nivå. Han kan få lov til å engasjere seg utan direkte verv.

Hatlevik meiner at det er gode argument både for og mot eksklusjon. Eksklusjon er eit ekstremt verkemiddel. Vi må ikkje bruke eksklusjon som blod-på-tann-mekanisme viss folk har utført eit verv for dårleg. Dei som stemmer for, må meine at det er det nødvendige for partiet.

Gramstad seier at vi kan takke for rekneskap, sjølv om det kom for seint. Han har likevel ikkje rett til å gjere gale ting, som suspensjonar og mobbing med IT-gruppa.

Middelthun viser med animsjon av endringar ope referat frå eit sentralstyremøte mens det pågår. I skrivinga truer Kleppe partileiar Østrådal til å endre på stemma si. Johansen bekrefter det på videoen verkeleg har skjedd.

Votering om eksklusjon av Anders Kleppe (krav om 2/3 fleirtal):

Støttar forslaget: 46,15 % (18 av 39 stemmer)

Anders Kleppe blir med det IKKJE ekskludert frå Piratpartiet

Suspensjonsbehandling

Ørjan Langbakk meiner at vedtaket om å føre suspensjon er ugyldig og bør ikkje behandlast. Berre 6 sentralstyremedlemmar er aktive og berre 4 var til stades. Ikkje gyldig.

Det må vere 2/3 oppmøte for å vedta suspensjon.

Johansen vil at landsmøtet skal stemme imot suspensjon for å vise støtta til dei som har blitt utsett for suspensjonen.

Suspensjonane av Olav Handeland og Håvard Hatlevik:

Votering: 5 % støttar suspensjonen (2 av 40 stemmer).

Suspensjonane av Tobias Brox, Øyvind Holm og Ståle Olsen:

Votering: 7,14 % støttar suspensjonen (3 av 42 stemmer).

INGEN i Piratpartiet blir ekskludert.

ANF-1: Valkomité og og kontrollkomité.

Møteleiar påpeker vedtektsendringar.

Brox seier at kontrollkomitéen skal kome med forslag til oppdatert formulering av vedtektene til neste landsmøte. Han seier at kandidatar kan melde seg med benkeforslag på dette landsmøtet. Ohna seier at forslaget er greitt, men han meiner at alle i Piratpartiet bør vere kontrollørar.

Handeland meiner at det er bra med det Ohna seier om ope haldning og innsyn, men vi kan ikkje forvente å ha alle med medlemmar som kontrollørar.

Thomas Gramstad spør medlemmar i salen om å vere med i kontrollkomiteen, Øystein Middelthun og Jørn Jenssen, som begge svarar ja. Gramstad skal spørje Geir Isene.

Olsen spør om dette gjeld først ved neste landsmøte. Møteleiar svarar at dette blir gyldig rett etter møtet i dag.

Middelthun foreslår å stemme over kontrollkomité og valkomité separat.

Ohna informerer om at fylkeslag og lokallag må ha valkomité ifølgje standardvedtektene for desse.

Det blir votert samla om valkomité og kontrollkomité.

Einstemmig vedtatt (40 av 40 stemmer).

Forslag til kjerneprogram

KEF-5:

88,57 % for (31 av 35 stemmer). Vedtatt.

KEF-7:

Hatlevik meiner at det vil bli forringelse av læremidlar med dette forslaget.

Ohna opplyser om at endring er til for å ta vekk NDLA frå punktet. Det er nødvendig med generalisering, for NDLA er ikkje optimalt.

90,91 % for (30 av 33 stemmer). Vedtatt.

KEF-8:

85,19 % for (23 av 27 stemmer). Vedtatt.

KEF-17:

Ohna opplyser om at forslaget legg til rette for at vi kan støtte Uber og delingsøkonomitenester.

Votering:

92,11 % for (35 av 38 stemmer). Vedtatt.

KEF-18:

93,94 % for (31 av 33 stemmer). Vedtatt.

KEF-20/20a:

Ohna forstår at det er betent tema med flyktningpolitikk. KEF-20 går ifølgje han imot nasjonalstaten.

Attestog er usikker på om KEF-20 og KEF-20a er i konflikt med kvarandre.

Johansen svarar at dei to er i konflikt med kvarandre. KEF-20a frir til FrP og folk til det ekstreme høgre, som framandfiendtlege. KEF-20 tek for seg grensefridom.

Handeland er einig i det Johansen legg fram. På grunn av den siste formuleringa som frir til FrPveljarane, kan vi ikkje stå for KEF-20a.

Olsen får latterkrampe av at Holm seier at Olsen er ususpendert. Olsen seier så at dette er eitt av dei viktigaste forslaga.

Ohna: Gode poeng. Då eg formulerte dette, var eg klar over konsekvensane av at ein kunne fri til ekstreme høgresida. Dei fleste i folket vil ikkje bruke det, men greitt at vi fjernar den siste setninga i KEF-20a.

Handeland støttar endringsforslag frå Hatlevik der siste setning er stroke i KEF-20a.

Landsmøtet blir einige om å stryke siste setning i KEF-20a

«Samtidig er det viktig for Piratpartiet at vi hører på befolkningen før vi forplikter oss i asyl- og innvandringspolitikk.»

Slik at det blir til

«Piratpartiet vil være en pådriver for en human asyl- og migrasjonspolitikk som bygger på menneskerettigheter og folkerettslige forpliktelser.»

Votering over KEF-20:

31,71 % for (13 av 41 stemmer). Forslag falt.

Votering over KEF-20a utan siste setning:

78,05 % for (32 av 41 stemmer). Vedtatt.

KEF-32:

91,67 % for (33 av 36 stemmer). Vedtatt.

KEF-38:

92,11 % for (35 av 38 stemmer). Vedtatt.

KEF-46:

91,43 % for (32 av 35 stemmer). Vedtatt.

KEF-44:

Ohna meiner at vi må endre dette punktet slik at vi ikkje blir oppfatta som anarkistar, slik enkelte folk gjer i dag.

Attestog appellerer med at Piratpartiet ønskjer å byggje på det eksisterande demokratiske systemet, ikkje øydelegge det eksisterande før vi opp eit nytt system.

74 % for. Vedtatt.

KEF-45:

Programbanden kan utføre denne endringa redaksjonelt ifølgje møteleiaren. Dette handlar om å fjerne ein av to heilt identiske rekkjer med setningar i programmet.

Heilheitleg kjerneprogram:

Avstemming må ha 2/3 fleirtal for å godkjenne heile kjerneprogrammet.

Raymond skryt av arbeidet til Programbanden og det blir applaudert heftig.

97,44 % for heilheitleg program (38 av 39 stemmer).

Forslag til valprogram

VPF-1:

Geir Martin Ohna seier at han fremma dette, for det er på høg tid at vi tar stilling til dette. Det handlar om personleg fridom. Vi kan ikkje ha det overformynderiet vi har i dag. Med narkotika er alt misbruk for politiet. Han seier at han kort tid før fristen gjorde formuleringa meir spiseleg.

Hatlevik er einig med intensjonen, men formulering er ikkje så god. Vi må tenke oss om med avkriminalsering. Han meiner at legalisering berre skal vere til eige bruk.

Olsen er 110 % einig med Geir Martin Ohna. Gong på gong har Olsen sett lidinga som dagens narkotikapolitikk har ført til. Vi bør vere i bresjen for å bekjempe Nixons krig mot narkotika.

Håvard Hatlevik sender inn ny formulering med besittelse til eige bruk.

Votering:

80 % for (32 av 40 stemmer). Vedtatt.

VPF-3/3.1:

Attestog i Programbanden anbefaler å stemme imot, for forslaget er unødvendig etter vedtak av KEF-

2.

Votering om VPF-3:

2,94 % for (1 av 34 stemmer). Forslag faller.

Votering om VPF-3.1:

3,03 % for (1 av 33 stemmer). Forslag faller.

VPF-4

84,85 % for (28 av 33 for). Forslag vedtatt.

VPF-5

Ohna godtar fjerning av siste setning, slik som vedtatt i KEF-20a.

Johansen meiner at forslaget er prematurt.

Votering om VPF-5:

47,37 % for (18 av 38 stemmer). Forslaget faller.

VPF-2/2.1

Ohna tok med VPF-2 for å la folk frå grasrota kome med forslag, men programbanden har kome med motforslag, som Ohna meiner er betre.

Johansen føler ikkje at det er riktig å ha med så spesifikt punkt som i VPF-2.

Holm meiner at det blir bygd meir enn nok ishallar. Vi kan bevege oss ute, utanom organisert idrett.

Hatlevik vil gjerne ha eit ishallforslag, men akkurat dette her i VPF-2 er for spesifikt. VPF-2.1 er betre.

Votering om VPF-2:

2,94 % for (1 av 38 stemmer). Forslag falt.

Votering om VPF-2.1:

60 % for (21 av 35 stemmer). Vedtatt.

Vedtektsbehandling

Vedtektsendringar blir diskutert. Det blir foreslått at sentralstyret ryddar opp til neste landsmøte og at medlemmar er med på den prosessen. Attestog presenterer VEF-1 og argumenterer for å behandle den no. Det er semje om at det er noko som må bli fiksa der.

Det blir einstemmig vedtatt at sentralstyret blir gitt i oppgåve å utarbeide endringsforslag til vedtekter i ein brei prosess med medlemsmassen fram til neste landsmøte (32 av 32 stemmer).

Val av styre

Møteleiar foreslår at leiar og politisk nestleiar blir valt for eitt år og organisatorisk nestleiar for to år, slik av partiet skal kunne halde seg til vedtektene sine i framtida. Landsmøtet går med på det.

Leiar

Kandidatar:

Thomas Gramstad (held tale)

Avstemming:

For: 78,95 % (30 stemmer)

Imot: 7,89 % (3 stemmer) Avhaldende: 13,16 % (5 stemmer)

Totalt 38 stemmer.

Thomas Gramstad blir valt som leiar.

Organisatorisk nestleiar

Kandidatar med resultat: 

Olav Handeland (held tale): 73,53 % (25 stemmer)

Gorm Hanssen (ikkje til stades): 0 % (0 stemmer) Svein Mork Dahl (held tale): 26,47 % (9 stemmer)

Totalt 34 stemmer.

Olav Handeland blir valt som organisatorisk nestleiar.

Politisk nestleiar

Kandidatar med resultat:

Ståle Olsen (held tale og viser fram idémyldringsbilete for piratpolitikk): 14,71 % (5 stemmer)

Svein Mork Dahl (held tale): 85,29 % (29 stemmer)

Geir Martin Ohna trekk kandidaturet sitt.

Totalt 34 stemmer.

Svein Mork Dahl blir valt som politisk nestleiar.

Styremedlemmar

Møteleiar kommenterer at det ikkje er spesifisert tal på styremedlemmar i vedtektene

Middelthun fortel at intensjon var fleksibilitet i tal på medlemmar.

Det blir foreslått vedtektsendring om 3 faste styremedlemmar.

2/3 fleirtal nødvendig for å endre dette i vedtektene.

94,12 % for (32 av 34 stemmer). Vedtatt.

Landsmøtet blir einige om følgjande system for stemming:

Stem på to kandidatar i styremedlemsvalet. Dei tre som som får flest stemmer, blir styremedlemmar.

Følgjande kandidatar presenterer seg:

Ståle Olsen

Øyvind Holm

Håvard Hatlevik

Odin Egilsson Dillingøen

Raymond Johansen presenterer Kenneth Polden som kandidat i varamedlemsverv.

Johansen presenterer også Øyvind Eikrem, som Johansen meiner har vore reddande engel i sentralstyret.

Ørjan Langbakk presenterer seg sjølv.

Andre kandidatar til styremedlemsvalet, som ikkje var til stades og ikkje fekk presentert seg:

Asbjørn Ulsberg

Heidi Hovind

Lars Anshus Stormo

Resultat:

Asbjørn Ulsberg: 1,41 % (1 stemme)

Heidi Hovind: 7,04 % (5 stemmer)

Håvard Hatlevik: 23,94 % (17 stemmer)

Kenneth Polden: 8,45 % (6 stemmer)

Lars Anshus Stormo: 1,41 % (1 stemme)

Odin Dillingøen: 14,08 % (10 stemmer)

Olav Have Holm: 1,41 % (1 stemme)

Ståle Olsen: 7,04 % (5 stemmer)

Ørjan Langbakk: 11,27 % (8 stemmer)

Øyvind Eikrem: 14,08 % (10 stemmer)

Øyvind A. Holm: 9,86 % (7 stemmer)

Totalt 71 stemmer frå 36 deltakarar.

Følgjande kandidatar blir valde til styremedlemsverv:

Håvard Hatlevik

Odin Dillingøen

Øyvind Eikrem

Varamedlemmar Ingen av kandidatane held eigen tale for dette valet.

Kandidatar med resultat i første valrunde:

Asbjørn Ulsberg: 1,43 % (1 stemme)

Geir Martin Ohna: 24,29 % (17 stemmer)

Heidi Hovind: 17,14 % (12 stemmer)

Kenneth Polden: 11,43 % (8 stemmer)

Olav Have Holm: 4,29 % (3 stemmer)

Ståle Olsen: 12,86 % (9 stemmer)

Øyvind A. Holm: 11,43 % (8 stemmer)

Ørjan Langbakk: 17,14 % (12 stemmer)

Totalt 70 stemmer frå 36 deltakarar.

Følgjande kandidatar blir valde til varamedlemsverv:

Geir Martin Ohna

Heidi Hovind

Ørjan Langbakk

Geir Martin Ohna er definitivt 1. vara etter resultatet, men Heidi og Ørjan Langbakk har fått nøyaktig like mange stemmer, og ny avstemming må avgjere rekkjefølgja på dei.

Resultat i andre valrunde:

Heidi Hovind: 57,58 % (19 stemmer)

Ørjan Langbakk: 42,42 % (14 stemmer)

Totalt 36 deltakarar med éi stemme kvar.

Heidi Hovind blir 2. vara og Ørjan Langbakk 3. vara.

Partisekretær

Einaste kandidat er Geir Aaslid, som blir presentert av Thomas Gramstad.

Votering:

For: 75 % (27 stemmer)

Imot: 16,67 % (6 stemmer)

Avhaldande: 8,33 % (3 stemmer)

Geir Aaslid blir valt som partisekretær.

Kontrollkomité

Følgjande kandidatar meldar seg, og alle får vere med i kontrollkomitéen:

Geir Isene

Øystein Middelthun

Jørn Jenssen

Det blir votering av leiar i komiteen:

Isene: 25,71 % (9 stemmer)

Middelthun: 68,57 % (24 stemmer)

Jenssen: 5,71 % (2 stemmer)

Totalt 35 stemmer.

Middelthun blir valt som leiar i kontrollkomitéen.

Valkomité

Kandidatar med resultat:

Øyvind A. Holm: 47,06 % (16 stemmer)

Ståle Olsen: 29,41 % (10 stemmer)

Adrian Tveito Ingebrigtsen: 23,53 % (8 stemmer)

Totalt 34 stemmer.

Øyvind Holm blir valt som leiar i valkomitéen.

Programbande

Følgjande kandidatar melder seg:

Targeir Attestog

Geir Martin Ohna

Thomas Gramstad

Asbjørn Ulsberg

Rune Mathisen

Lillian Wangondu

Berre Targeir Attestog seier at han kan ta på seg vervet som leiar, men likevel blir det avstemming om leiarvervet med resultatet: Targeir Attestog: 72,22 %

Geir Martin Ohna: 16,67 %

Lillian Wangondu: 11,11 %

Totalt 36 stemmer.

Targeir Attestog blir valt som leiar i programbanden.

Det blir foreslått å endre namnet programbanden til programkomitéen. Krav om 2/3 fleirtal.

67,65 % for (23 av 34 stemmer). Vedtatt.

Ekstraordinært landsmøte

Det blir diskutert om vi skal ha ekstraordinært landsmøte i Arendal i august.

Raymond seier partiet treng å møtest igjen i Arendal i august.

Gramstad er einig i at vi treng å møtast igjen, men vil vurdere andre plassar.

Ohna seier at han forstår at ein kan vere imot det sidan den tidlegare partileiinga står for dette forslaget, men dette landsmøtet vil passe godt med Arendalsuka.

Mork Dahl seier at vi skal uansett møtast der at Piratparti-laga på Agder treng å ha dei andre piratane med på Arendalsuka.

Targeir forklarer at Arendal er foreslått for å spare reisekostnadar.

87,88 % stemmer for ekstraordinært landsmøte i Arendal i august rett før Arendalsuka i august (29 av 33 stemmer).

Avslutning

På denne andre landsmøtedagen med elektroniske avstemmingar varierte talet på stemmande deltakarar frå 27 til 44 mellom dei ulike avstemmingane.

Landsmøtet blir avslutta klokka 17, slik det var planlagt.

Underskrifter