Bruker:Tale
Innhold
Om meg
Eg er Admiralen. Tidlegare har eg vore leiar i fylkeslaget i Noregs sørlegaste fylke, eg var 1. kandidat på stortingslista i Vest-Agder ved stortingsvalet i 2013 og 1. kandidat på listene i Kristiansand og Vest-Agder i kommune- og fylkestingsvalet i 2015. Eg er òg ein av dei internasjonale koordinatorane i [Internasjonalt|internasjonalt]. I tillegg er eg styremedlem og kjeksansvarleg i [Unge_Pirater_Vest-Agder|Unge Pirater] og i Unge Piratar, enn så lenge. Utanom Piratpartiet er eg nesten ferdig med ein bachelorgrad i germanistikk, halvvegs utdanna faglærar i teater, og interesserer meg meir enn gjennomsnittleg for språk, noko som har resultert i at eg pratar både norsk, engelsk og tysk flytande.
Pirateventyret mitt begynte då eg var på utveksling til Berlin midt i valkampen der i 2011. Endeleg hadde eg funne eit parti eg faktisk sympatiserte med! Men som norsk statsborgar har eg ikkje stemmerett ved tyske val, så eg begynte å kikke meg rundt etter ein norsk piratrørsle. I mai 2012 kom eg over piratpartietnorge.org, og var med på skipingsmøtet i juni 2012 via Mumble mens eg sat på kjøkkenet mitt i Neukölln. Etter det kom eksamensperioden rasande over meg som eit jordskred, og pirateriet blei lagt på is for ei stund. Eg hadde litt sporadisk kontakt med diverse tyske piratar, og Noreg virka så uendeleg langt borte. Så, i februar 2013, sette lokale kreftar i gong med å skipe Vest-Agder Piratparti. Ei eg kjende gav meg følgjande beskjed "legg til Anders på Skype, du skal være med i styret". Det gjorde eg, og vips var eg Kaptein Tale. Kva som har hendt etter det er history in the making.
Om du føler for eit innblikk i hovudet mitt, finn du den personlege bloggen min her: http://tale.haukbjork.net/
"Pirat-CV"
Her er ei lita oversikt over verv og liknande eg har hatt i Piratpartiet. Kan innehalde feil og surr.
2013
- Leder, Vest-Agder Piratparti
- Sentralstyremedlem
- 1. kandidat på valglistene til Stortingsvalget, Vest-Agder
- Internasjonal koordinator
2014
- 2. nestleder, sentralt
- Leder, Agder Piratparti
- Kjeksansvarlig, Unge Pirater
- Internasjonal koordinator
2015
- Leder/Admiral, sentralt
- Kjeksansvarlig, Unge Pirater
- Co-chairperson, European Pirate Party
- 1. kandidat, Fylkestingsvalget, Vest-Agder fylkeskommune
- 1. kandidat, Kommunetingsvalget, Kristiansand kommune
- Valt til leiar av Vest-Agder Piratparti då Agder Piratparti blei delt opp igjen.
2016
- Bytta målform. Det er ikkje eit verv, men litt artig likevel
- Framleis admiral i Sentralstyret
2017
- Framleis admiral i Sentralstyret, trass ein dårleg start på året for min del.
- Framleis co-chairperson, European Pirate Party
Kontakt
Epost
tale [kanelsnurr] piratpartiet.no
Telefon
(+47) 45 83 22 70
Instant Messaging
Jabber: tale.haukbjork [kanelsnurr] riseup.net
Wire: Telefonnummer eller epostadresse
Sosiale medier
Klikk her for se min to do liste. Om det er noe du har lyst til å hjelpe meg med å gjøre er det bare å si ifra. Ansvar er til for å deles.
Hvis du vil få meg til å sette av tid til et møte eller lignende er dette stedet å hukke tak i meg
Trenger du mer kontaktinfo, send meg en mail. Da får du som regel kjapt svar.