Innkalling til ordinært årsmøte i Agder Piratparti i 2015

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 15. mar. 2017 kl. 13:20 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (La inn innkallingslink.)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Hei!

Det er bestemt at årsmøtet til Agder Piratparti skjer klokka 14 laurdag 28. mars. Sidan vi nesten ikkje har fått tilbakemeldingar på første innkalling, kjem møtet til å vere på nett. Alternativa for møte-verktøy er nemnt seinare i denne eposten. Ver snill å fortelje oss i styret så fort som muleg om du kan kome eller ikkje, slik at det blir lettare for oss å bestemme oss for kva for ein applikasjon vi skal bruke.

SAKSLISTE FOR ÅRSMØTE (utdrag frå vedtektene våre på nettsida https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=Agder_Piratparti_Vedtekter):

Konstituering av årsmøte:

   Godkjenning av innkalling
   Valg av møteleder og referent
   Godkjenning av saksliste
   Valg av protokollunderskriver(e)
   Eventuelt valg av tellekorps

Som et minimum skal følgende saker behandles på årsmøtet:

   Årsberetning fra styret
   Regnskap/økonomirapport
   Budsjett
   Arbeidsplan
   Innkomne forslag
   Valg av styre og valgkomité
   Kasserer utnevnes av styret

Styret

Styret skal bestå av leder (kaptein) og to til syv medlemmer (mannskap), herav to nestledere (styrmenn), inkludert ett medlem valgt eller utpekt av Unge Pirater Agder. Styret velges for to år. Minst 1/3 av styret skal stille til valg hvert år. Leder velges for to år. Dersom særlige hensyn tilsier det, kan utskiftning av leder/styre skje oftere. Valgkomiteen skal bestå av minst to medlemmer og velges av årsmøtet for neste årsmøte. Valgkomitéen skal legge frem innkomne forslag og eventuelt komme med egne forslag."

Årsmelding, budsjett, rekneskap og rekneskap er dessverre ikkje heilt ferdig enno. Vi skal forsøke å få sendt det ut før årsmøtet. Det tek uansett ikkje lang tid å presentere alt det på møtet, for utanom Arendalsuka var det ganske lite aktivitet i fjor. Sjølv om det eigentleg er for seint til det, ønskjer vi å motta innspel til aktivitetar seinare i år, slik at vi kan få det med i arbeidsplanen.

Akkurat no ser styret til Agder Piratparti slik ut: Leiar/Kaptein: Tale Haukbjørk Østrådal Nestleiar/Styrmann: Targeir Attestog Styremedlem/Mannskap: Fredrik. K. Nordhammer Styremedlem/Mannskap: Anders Kleppe

I landsmøtet til Piratpartiet i Oslo 21.-22. mars blei Tale Haukbjørk Østrådal valt til nasjonal leiar for partiet. Ho ønskjer derfor å trekkje seg som leiar for Agder Piratparti, men stiller opp som 1. nestleiar for dette fylkeslaget. Targeir Attestog stiller som kandidat til å vere leiar på Agder. Anders Kleppe blei utnemnt til stillinga som generalsekretær på landsmøtet, men alt tyder på at han ønskjer å halde fram som styremedlem på Agder. Fredrik. K. Nordhammer har flytta til Sverige, og han ser det derfor på som upraktisk å halde fram i Agder-styret. Vi går dermed ut ifrå at han ønskjer å trekkje seg. Det står i vedtektene at det skal vere ein representant frå Agder Unge Pirater og at vi skal ha to nestleiarar. Fredrik de Lange frå Unge Pirater stiller opp som 2. nestleiar. Han kan dessverre ikkje delta på årsmøtet sjølv pga. det samtidige landsmøtet til Unge Pirater.

Nytt styre ser slik ut slik stoda er no:

Leiar/Kaptein: Targeir Attestog 1. nestleiar/1. styrmann: Tale Haukbjørk Østrådal 2. nestleiar/2. styrmann: Fredrik de Lange Styremedlem/Mannskap: Anders Kleppe

Vi ønskjer andre Agder-medlemmar velkomne til å stille opp som kandidatar til styret, sidan vi kan ha opp til sju medlemar der. Eg ser at vi må velje ein valkomité for årsmøtet neste år. Vi gløymte å gjere det i fjor. Vi set pris på om medlemar utanfor styret stiller opp til det. Til nøden kan vi bruke styremedlemar til det, men det ser litt rart ut.


VERKTØY FOR MØTE, I PRIORITERT REKKJEFØLGJE

Den mest lettvinne måten å samle seg om eit slikt nettmøte er å bruke denne nettadressa: appear.in/agderpir

Då er det bare å kopiere inn denne adressa i nettlesaren. Problemet med denne løysinga er at maksimum 8 kan vere med der samtidig. Vi i styret vil gjerne at fleire enn det skal kunne delta, så viss du blir med på årsmøtet, ver snill å sende svar om det så fort som muleg.

Viss meir enn 8 skal med på møtet, kjem vi til å forsøke å bruke TeamViewer. Ein lokal TeamViewer-klient må då vere installert på datamaskina hos kvar deltakar. Den kan lastast ned frå teamviewer.com. For å kome med på møtet, lim inn følgjande adresse i adressefeltet i nettlesaren: http://go.teamviewer.com/v10/m81683791 Viss du får spørsmål om det, vel "TeamViewer 10" som alternativ til å opne linken med. Du kan også kome inn på møtet med å kopiere følgjande møte-ID inn i riktig felt i TeamViewer-klienten: m81-683-791

Viss desse to alternativa blir vanskelege å få til å fungere, bruker vi Mumble, som krev nedlasting av klient frå følgjande adresse: http://www.mumble.com/mumble-download.php Her er det bare støtte for lyd, så derfor kjem dette alternativet her som siste utveg. Møtestart skjer ved å kople der til med adressa mumble.young-pirates.eu og standard port. Møtet skjer i "Talk Room #3" (altså nummer TRE) viss ingen utanforståande har møte der då. Konfigurasjon av lydinnstilling er innvikla for nybegynnarar. Kontakt meg (targeir@piratpartiet.no) eller Tale Østrådal (tale@piratpartiet.no) viss du treng hjelp til det.


Helsing

Targeir Attestog,

1. nestleiar,

Agder Piratparti