Referat frå ekstraordinært årsmøte i Agder Piratparti 2015-11-16(-30)

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 15. mar. 2017 kl. 13:56 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (La inn møtereferat frå ekstraordinært årsmøte i 2015.)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Ekstraordinært årsmøte, Agder Piratparti, 16.-30. november 2015

Dette ekstraordinære årsmøtet blei skipa til fordi Agder Piratparti må dele seg om i to fylkeslag, eitt for kvart fylke (Aust-Agder og Vest-Agder) for at vi skal få fylkespartistøtta vi har krav på med 0,4 % av stemmane i fylkestingsvalet i begge fylka i september i år. Vi stemte over forslag til medlemmar i dei nye fylkesstyra. Vi utførte også nødvendig formalitet med å vedta vedtekter for kvart av dei to nye fylkeslaga, bortsett frå at referansar til Agder blei til høvesvis Aust-Agder og Vest-Agder i tillegg til å fjerne kravet om 2. nestleiar.

Årsmøtet starta på Unge Piratar EU sin Mumble-server klokka 19 måndag 16. november. Bare tre personar logga seg inn der: Targeir Attestog, Tale Haukbjørk Østrådal og Anders Kleppe. Vi fann ut at det var få deltakarar til å stemme over så viktig sak på dette. Vi bestemte oss derfor å nytte oss av vedtektsparagrafen om at ekstraordinære landsmøte kan haldast digitalt over 14 dagar, og gav dermed Targeir Attestog i oppgåve om å lage ei spørjeundersøking på SurveyMonkey. Han blei dermed møteleiar og referent for møtet.

9 personar stemte. Spørjeundersøkinga hadde 10 spørsmål, som omtalast som saker i møtesamanheng.

Sak 1

For å vere sikker på at folk som stemte var medlemmar i Agder Piratparti, skulle svaret på spørsmål 1 vere ein autentiseringskode som alle på medlems-epostlista til Agder fekk tilsendt. Alle 9 svara skreiv inn riktig kode og gitt innanfor avstemmingsperioden frå alle medlemmane fekk tilgang 19. november til avslutninga 30. november, så alle stemmene er dermed gyldige.

Sak 2

Forslag:

Legge ned Agder Piratparti og opprette Aust-Agder Piratparti og Vest-Agder Piratparti på nytt.I praksis skjer det ved at Agder Piratparti endrer navn til Aust-Agder Piratparti i Enhetsregisteret, mens Vest-Agder Piratparti blir ny enhet i Enhetsregisteret. Vest-Agder Piratparti får ny bankkonto, men Aust-Agder Piratparti beholder den nåværende kontoen.

Resultat:

For: 9 stemmer (100 %)

Mot: 0 stemmer

Forslag er dermed vedtatt.

Sak 3

Forslag:

Vedtektene til dei to nye fylkeslaga blir identiske med Agder sine noverande vedtekter, som du finner her:https://wiki.piratpartiet.no/index.php?title=Agder_Piratparti_Vedtekter#OPPL.C3.98SNINGUnntak er nevning av fylkesnavn, som blir endra til henholdsvis Aust-Agder og Vest-Agder for hvert fylkeslag. I vektektene til hvert av de nye fylkeslaga, skal dessuten krav om en andre nestleder bli tatt bort.

Resultat:

For: 8 stemmer (88,89 %)

Mot: 1 stemme (11,11 %)

Forslag vedtatt. Justeringar i vedtektene blei gjort i samsvar med dette forslaget. Det blei oppdaga små grammatiske feil her og der som blei retta på same, i tillegg til referanse til feil paragrafnummer ein stad. Vedtektene til kvart av dei nye fylkeslaga følgjer med som vedlegg til dette referatet.

Sak 4-10

I resten av sakene blei det stemt over dei ulike verva i dei to ulike fylkeslaga. Sidan det formelt sett er slik at Agder Piratparti endrar namn til Aust-Agder Piratparti, var det ikkje nødvendig å stemme over kasserar for Aust-Agder. Kasserar for Aust-Agder Piratparti er dermed Targeir Attestog, sidan han er kasserar for Agder Piratparti. Ein kunne dermed ha hoppa over avstemming om leiar for Aust-Agder, men vi utførte den likevel. Det var bare ein kandidat for kvar type styreverv. Resultata nedanfor viser at kvar av dei fekk støtte frå fleirtalet til å bli med i styret.

Sak 4

Kasserar i Vest-Agder Piratparti

Tale Haukbjørk Østrådal: 7 stemmer (77,78 %)

2 blanke stemme (22,22 %)

Sak 5

Leiar i Vest-Agder Piratparti

Tale Haukbjørk Østrådal: 7 stemmer (77,78 %)

2 blanke stemme (22,22 %)

Sak 6

Nestleiar i Vest-Agder Piratparti

Anders Kleppe: 8 stemmer (88,89 %)

2 blanke stemmer (11,11 %)

Sak 7

Styremedlem i Vest-Agder Piratparti

Knut Ivar Hellsten: 8 stemmer (88,89 %)

2 blanke stemmer (11,11 %)

Sak 8

Leiar i Aust-Agder Piratparti

Targeir Attestog: 8 stemmer (88,89 %)

2 blanke stemmer (11,11 %)

Sak 9

Nestleiar i Aust-Agder Piratparti

Geir Martin Ohna: 8 stemmer (88,89 %)

2 blanke stemmer (11,11 %)

Sak 10

Styremedlem i Aust-Agder Piratparti

Geir Harald Wick: 8 stemmer (88,89 %)

2 blanke stemmer (11,11 %)

Følgjande nye styre blei dermed vedtatt:

Vest-Agder Piratparti:

Leiar og kasserar: Tale Haukbjørk Østrådal

Nestleiar: Anders Kleppe

Styremedlem: Knut Ivar Hellsten

Aust-Agder Piratparti:

Leiar og kasserar: Targeir Attestog

Nestleiar: Geir Martin Ohna

Styremedlem: Geir Harald Wick

Møtet blei teknisk sett avslutta 30. november klokka 19, to veker etter starten av møtet på Mumble, i samsvar med vedtektene våre. Referat blei skrive ut frå resultatavlesing på spørjeundersøkinga vår hos SurveyMonkey 3. desember. Alle stemmer hadde kome inn før møte-avslutning.