Referat frå felles årsmøte for Aust-Agder, Vest-Agder og Arendal Piratparti 2018-04-09

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 29. apr. 2018 kl. 18:22 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (Ny side: ==Referat for årsmøte i Agder Piratparti og Arendal Piratparti 9. april 2018== Stad: Egon Restaurant, Tyholmen, Arendal Planlagt start: 18:00 Tre medlemmar møtte opp fysisk frå Aust...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Referat for årsmøte i Agder Piratparti og Arendal Piratparti 9. april 2018

Stad: Egon Restaurant, Tyholmen, Arendal Planlagt start: 18:00 Tre medlemmar møtte opp fysisk frå Aust-Agder Piratparti. Det er Targeir Attestog, Svein Mork Dahl og Asbjørn Ølnes. Dei to siste er også frå Arendal Piratparti. Thomas Sviund frå Vest-Agder Piratparti er med i andre halvdel av møtet via Skype.

Møtet startar klokka 18:15. Innkalling blir godkjent. Det blir også godtatt at den kom så vidt etter fristen som er fastsett i vedtektene.

Targeir blir utnemnt til referent, og Svein til møteleiar.

Svein presenterer årsmeldinga for Aust-Agder Piratparti, som også fungerer som årsmelding for Arendal Piratparti. Arendalsuka var som vanleg veldig viktig. Litt diskusjon av valkamp til neste år. Svein meiner at det er håp for representant i Arendal kommunestyre til neste år viss vi jobbar for det (vi treng 700 stemmer). Kommuneval er nemleg meir personleg enn stortingsval. Årsmelding blir einstemmig godkjent.

Svein orienterer om aktivitet i sentralstyret for årsmøtet. Thomas Sviund med på møtet via Skype frå klokka 18:41.

Svein orienterer om at fylkeslaga bør slå seg saman for at Vest-Agder skal få kunne glede av partistøtta si utan å måtte opprette heilt eige aktivt styre og eigen bankkonto. Sistnemnte er meiningslaust, sidan fylka i seg sjølv skal slå seg saman i 2020. Samanslåing av Aust-Agder Piratparti og Vest-Agder Piratparti blir einstemmig vedtatt.

Det er ingen innkomne forslag, så vi går vidare.

Det blir diskutert litt om samansetninga i styret til Arendal Piratparti, men arendalittane på møtet blir einige om å la det vere uendra no fram til dei får nye, aktive medlemmar. Styret i Arendal blir dermed attvald.

Etter kort diskusjon med alle fire på møtet, blir følgjande styre for Agder Piratparti foreslått: Leiar: Svein Mork Dahl Nestleiar: Thomas Sviund Styremedlemmar: Asbjørn Ølnes og Targeir Attestog

Styreforslaget blir einstemmig vedtatt.

Det blir no bestemt at Svein og Asbjørn skal signere møtereferatet.

Targeir presenterer tala i rekneskap og budsjett. Årsmøtet godkjenner rekneskap og budsjett på akklamasjon, slik det ligg føre.

Sidan rekrutteringskampanje står nemnt i budsjettet, diskuterer vi det. Svein meiner det vil vere bra å gjere det i tida rundt Arendalsuka. Vi bør også kontakte venner og kjenningar når vi har fått reist sjølvtillit og vedtatt aktuelle saker på komande landsmøte i mai. Vi må etter kvart også fått vedtatt punkt for lokalt, politisk program.

Møtet er ferdig klokka 19:20.


Underskrifter:


Svein Mork Dahl


Asbjørn Ølnes