Referat frå felles styremøte i Aust-Agder og Vest-Agder Piratparti 2017-03-25

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 3. apr. 2017 kl. 16:12 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Tid:''' 25. mars klokka 18. '''Stad:''' Mumble-serveren til Young Pirates EU, rom: Unge Pirater Frammøtte frå Aust-Agder-styret: Svein Mork Dahl, Targeir Attestog, Lillian Wangond...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Tid: 25. mars klokka 18.

Stad: Mumble-serveren til Young Pirates EU, rom: Unge Pirater

Frammøtte frå Aust-Agder-styret: Svein Mork Dahl, Targeir Attestog, Lillian Wangondu (Vara Asbjørn Ølnes blei spurd om å kome, men han kunne ikkje.)

Frammøtte frå Vest-Agder-styret: Tale Haukbjørk Østrådal, Thomas Sviund Fråverande i Vest-Agder-styret: Kaisa Hansen (meldte fråfall), Morten Tindvik

Møteleiar og referent: Targeir Attestog

Stifting av Arendal Piratparti

Svein fortel at alt har gått bra i stiftinga der, men han kjenner ikkje til andre i Arendal utanom om dei tre i styret. Targeir veit om fire utanom dei i styret, og Targeir skal sende over informasjon om kven dei er til Svein.

Nystifting av Kristiansand og Vest-Agder Piratparti

Tale seier at det skal gå bra med registrering av desse laga som blei stifta på årsmøtet 17. mars, og ho har all dokumentasjon på plass. Viss ho og Thomas treng hjelp, skal dei kontakte Targeir og Svein om hjelp. (Ikkje nemnt på møtet, men likevel viktig å nemne her: Targeir har nettopp sendt inn oppdatert registermelding for Aust-Agder og Svein og Lillian skal ha skrive under på det i Altinn.)

Informering om styremøte til medlemmar

Vi blir einige om å sende ut informasjon på e-post til medlemmar om neste møte. Der skal vi samtidig informere om å følgje med på fylkeslagkontoane våre på Facebook og Twitter.

Deretter må medlemmar følgje med der for å få vite når det er møte, for vi vil ikkje plage medlemmar med altfor mange e-postar.

Arendalsuka og valkamp

Svein har prata med dei involverte i Arendalsuka. Han lufta frustrasjon om at det berre stortingspartia som er med i debattar. Han fekk ikkje forståing for det frå dei han prata med. Tale og Svein stiller gjerne i debatt under Arendalsuka.

Vi pratar litt om arrangement som vi skal få til under Arendalsuka. Folka i Catapult Future Fest i Oslo i mai kan sannsynlegvis bli med på slikt. Dei besøkte Svein under Arendalsuka i fjor. Han reknar med at vi kan få dei med på arrangement. Svein har vore opptatt med jobb i det siste. Han er tilbake med engasjement for Piratpartiet i neste veke, men har backlogg å kome seg gjennom først. Lillian kan sjekke ut arrangementlokale for oss til under Arendalsuka. Svein skal sjekke ut lokale for ekstraordinært landsmøte i Arendal helga rett før Arendalsuka. Targeir kommenterer at vi ikkje kan bestille slikt lokale før 8. mai, dagen etter landsmøtet i Bergen, for landsmøtet må bestemme om vi skal ha EOLM der vi tar opp programsakene som vi ikkje fekk tid til i Bergen.

Skoledebatt: Svein tar det han kan. Kan dukke opp jobb-ting i vegen. Thomas er usikker på kva han kan stille opp på.

Svein: Bruke pengar på å tiltrekke seg nye medlemmar gjennom kampanje. Tale skal lære opp folk i å debattere. Har ikkje tid til å debattere sjølv. Bruke sosiale medium til å annonsere om styremøte.

Idemyldring om arrangement må til på e-post mellom møta, meiner Tale. Dei andre er einige.

Targeir kjem med idé om VR-brillebruk på stand, til presentasjon eller interaktiv film. Samsung Gear og Google Cardboard fungerer bra for presentasjonar der du pratar med ein på video eller ser på annan kortfilm. Bør vi ta vidare.

Det blir foreslått å låne ei drone til å spele inn video til VR-filmen som vi skal vise fram.   Svein skal snakke med Elefun i Grimstad om droner. Tale nemner at vi sannsynlegvis må ha tillatelse til droneflyging. Det må vi finne ut av. Ide: Overvakingsspel med VR-kamera (spelt inn på førehand). Targeir meiner at det kan vere muleg å få inn ei form for interaktivitet med gamepad-styring.

Eigedelar i rekneskap

2 partytelt. 1300 kroner til saman, men er no skrive ned i verdi til 0, slik lovene er.

1 kaffitrakter, som manglar kolbe.

Papptallerkenar og plastkoppar. Tale skal telje dei vi har.

Svein: Aust-Agder og Vest-Agder kan eige halvparten av kvar.

Svein nemner at han kan få papptallerkenar og juksemyntar med Piratparti-logo. Dei andre meiner at det hadde vore smart å få til.

Godkjenning av refusjon

Aust-Agder-styret (Svein og Lillian) godkjenner refusjon av Targeirs utlegg for mat, drikke og papptallerkenar og plastbeger for årsmøte. Targeir hadde sendt kvitteringar på e-post til dei rett før møtet.

Neste møte: 19. april klokka 20.

Møtet i dag blei ferdig klokka 19:15.