Referat frå møte med programkomitéen og partileiinga 2017-08-07

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 8. aug. 2017 kl. 19:26 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (Ny side: Start: 21:15 Frammøtte frå programkomitéen: Targeir Attestog, Thomas Gramstad Frammøtte frå partileiinga: Geir Aaslid Saksnummera i dette referatet stemmer overeins med dei i saks...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Start: 21:15 Frammøtte frå programkomitéen: Targeir Attestog, Thomas Gramstad Frammøtte frå partileiinga: Geir Aaslid

Saksnummera i dette referatet stemmer overeins med dei i saksdokumentet for det ekstraordinære landsmøtet (EOLM) 2017.

Partiet har eit par dagar før flytta inn i nytt kontor og derfor har Targeir sendt inn eit forslag om å fjerne §1.3 frå vedtektene. Forslaget til Targeir kom eigentleg inn litt etter den formelle fristen vi sette. Vi på dette møtet er einige om at punkt om adresse i vedtektene skal fjernast, men Geir meiner at vi skal spørje Brønnøysundregistra for å vere sikre om korleis det skal bli gjort.

VPF-22: Thomas foreslår endring: "Ved å gjøre det lettere å bo på sjøen, ønsker vi Å BIDRA MED å løse problemer med boligmangel." Targeir er einig.

VPF-23 ser bra ut.

VPF-24: Retting til “Statlig drevet…” Elles ser det bra ut.

VPF-25: Geir meiner at det er meiningslaus formulering, sidan dette kan triksast med av politikarar. Vi må passe på å berre vedta eit bompengeforslag. Det andre ut på at vi er imot. Retting: “gratis KOLLEKTIVTRANSPORT inn til arbeid”

VPF-26: Thomas: Med vedtak av dette, blir vi kvitt overvakingsregime ved lisensinnkreving. Vi treng gjennomgang på mediepolitikk. Thomas foreslår at vi tek dette forslaget vekk frå sakslista. Vi forslår utsetjing til 2018 av denne saka, men landsmøtet må bestemme det.

VPF-27: Rettingar: “Ønskelig er en applikasjon for disse brukerenhetene til anonym rapportering og dokumentasjon av overgrep.” “De trenger gratis internettilgang som ikke enkelt kan”

VPF-28: Retting av “Privatønonomi” til “Privatøkonomi” Thomas spør om kva ein skal gjere med livssyn og etikk. Vi tar det med i debatten.

VPF-29: Retting av “dør-til-dør-transprot” til “dør-til-dør-transport”.

VPF-30: Rettingar: “bl.a.” til “blant annet” “øket” til “økt”

VPF-31 er grei

VPF-32: Forklaring av problemet i starten.

Endre «Piratpartiet tror at vi må lytte til dem som føler problemet på kroppen. Tilbakemeldinger vi har fått er at synshemmede og andre grupper ønsker en tilrettelagt skolehverdag, og vi vil støtte en utredning for å se på måter å løse dette på.”» til «Piratpartiet mener at vi må lytte til dem som føler problemet med mobbing av synssvake på kroppen.»

Etter møtet foreslår Svein Mork Dahl endring av den andre setninga, som dei på møtet ville fjerne, til «Piratpartiet ønsker at grupper med ulike funksjonshemminger skal få en skolehverdag tilrettelagt sine særskilte behov.»

Ferdig klokka 22.