Forskjell mellom versjoner av «Referat frå programkomitémøte 2017-06-19»

Fra Piratpartiets Wiki
Hopp til: navigasjon, søk
m
 
Linje 28: Linje 28:
 
Møtet er heilt over klokka 22:30.
 
Møtet er heilt over klokka 22:30.
 
   
 
   
Neste møte blir sannsynlegvis onsdag 28. Juni klokka 21. Der vurderer vi å bruke Skype pga. Tekniske problem med Mumble.
+
Neste møte blir sannsynlegvis onsdag 28. juni klokka 21. Der vurderer vi å bruke Skype pga. Tekniske problem med Mumble.

Nåværende revisjon fra 19. jun. 2017 kl. 21:54

Frammøtte: Targeir Attestog, Thomas Gramstad (fram til 22:05, Rune Mathisen (fram til 22:10), Asbjørn Ulsberg (etter 22:05)

Møteleiar og referent: Targeir

Tid: 21:00

Rune og Targeir diskuterer bruk av GitHub, wiki og nettstad. Targeir har før møtet starta fått versjonane i Runes pull request på GitHub og på wiki og nettstad til å bli identiske og i samsvar med vedtak frå det nyaste landsmøtet.

Thomas faller ut pga. Tekniske problem med Plumble for han. Han kjem fort tilbake.

Diskusjon av konferanseverktøy: appear.in, Skype, Discord. Appear.in er ofte ganske ustabilt, Skype fungerer greitt. Discord har ingen i Piratpartiet brukt, men Rune har høyrt at gamerar som han kjenner, bruker det, og det fungerer godt for dei.

Diskusjon av breiddedemokrati. Targeir foreslår første seksjon av wiki-artikkelen “Liquid Democracy” som ein del av kjerneprogrammet, med litt justeringar. Targeir skal sende inn forslag. Targeir skal også sjå etter relevante punkt for søylene “Kommunikasjon og infrastruktur” og “Næringsliv og økonomi” frå utanlandske piratparti sine program fram til neste møte.

Thomas fortel at Telemark, Hedmark og Østfold har blitt aktiverte på nytt.

Thomas orienterer om si deltaking i alternativ partileiardebatt i morgon. Vi diskuterer motdebattantane sine politiske meiningar.

Litt prat om åndsvark-politikken til partiet. Thomas skal snart sende Targeir ein e-post om det. Thomas meiner at partiet er for liberalisering av åndsverklova og opphavsrett, men ikkje oppheving. Han fortel også at partiet støttar opp om entreprenørskap. Piratpartiet er jo partientreprenørskap, seier han.

Targeir luftar til slutt idéen om politisk reklame med full-motion-video-spel om politikken til Piratpartiet, der medlemmar i programkomitéen og andre sentrale medlemmar i Piratpartiet kan svare på spørsmål i samtaleform frå spelaren. Spørsmål-innsending og planlegging av video-opptak må naturlegvis skje på førehand før spel blir distribuert på Internett. Det skal vere mogleg å sende ut oppdateringar. Targeir pratar kort om dei spesiallaga spelmotorane Adventure Game Studio og Visionaire Studio, som passar til formålet.

Targeir etter at Thomas og Rune har forlatt møtet ein Skype-samtale med Asbjørn om endringane til kjerneprogrammet frå landsmøtet, som Rune og Targeir har lagt inn i pull request på GitHub. Rune ser på det og utfører merge med hovudbranchen for kjerneprogrammet. Det blir også diskusjon om vedlikehald av nettstaden til piratpartiet.no, sidan Targeir nyleg har blitt redaktør der.

Møtet er heilt over klokka 22:30.

Neste møte blir sannsynlegvis onsdag 28. juni klokka 21. Der vurderer vi å bruke Skype pga. Tekniske problem med Mumble.