Referat frå programkomitémøte 2017-06-28

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 30. jun. 2017 kl. 15:51 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (Ny side: Starttid: 28. juni 2017 klokka 21 Frammøtte: Targeir Attestog, Rune Mathisen, Asbjørn Ulsberg Møteleiar og referent: Targeir Attestog Vi diskuterer bruk av GitHub til programarbeid,...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Starttid: 28. juni 2017 klokka 21 Frammøtte: Targeir Attestog, Rune Mathisen, Asbjørn Ulsberg

Møteleiar og referent: Targeir Attestog

Vi diskuterer bruk av GitHub til programarbeid, og vi er einige om at GitHub alltid skal innehalde masteren, mens andre plassar som wiki og nettstad har kopiar. For landsmøte blir vi einige om å ha liste over saksforslag på wiki med saksnummer og link til pull-requests med sjølve forslaga på GitHub.

Asbjørn har mykje erfaring med GitHub. Dei frammøtte er einige om å bruke GitHub til programarbeidet.

Tekst frå tysk valprogram om næringsliv og finans er bra, meiner Rune. Targeir har omsett det til norsk for søyla Nærigsliv og økonomi i kjerneprogrammet. Formuleringa er kanskje litt stiv enno. Rune skal sjå litt meir på dette.

Rune og Asbjørn diskuterer forslag til utdanningssøyla som dei samarbeider om.

Val- og breiddeprogram. Targeir lurer på om det skal vere langversjon av kjerneprogramtekst i breiddeprogram.

Diskusjon om hierarki for programma.

Rune spør om det bør stå i vedtektene kva som skal vere av innhald i dei ulike programma. Targeir er einig og meiner også at det bør vere samla paragraf om programkomitéen.

Targeir kan kontakte Øystein Middelthun i kontrollkomitéen om dette.

Targeir og Rune ønskjer å foreslå for sentralstyret å bruke GitHub til å fikse på vedtektene. Asbjørn fortel at på sikt kan vi autogenerere kopi av tekst på GitHub til nettstaden vår. Det er ikkje så lett med wikien. Det finst plug-in for det også, men den er ikkje så enkel å bruke.

Rune oppdagar at det finst GitHub-repositories for breiddeprogram og vedtekter, men dei er naturlegvis ikkje ajour. Asbjørn har no som spesialfelt å få alt det tekniske til å fungere på GitHub og skal lære andre i programkomitéen til å bruke den. Han opprettar repository for valprogrammet.

Targeir skal få fylt inn innhald frå valprogram og breiddeprogrammet (Piratdepartementene) på GitHub.

Targeir finn ut at frist for forslag til ekstraordinært landsmøte sannsynlegvis blir 22. juli. Vi og andre medlemmar må ha klare forslag til då.

Møte blir avslutta klokka 22:11.