Referat frå styremøte i Agder Piratparti 2015-01-08

Fra Piratpartiets Wiki
Revisjon per 15. mar. 2017 kl. 13:01 av Targeir Attestog (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Tid:''' 8. januar 2015 klokka 20 '''Stad:''' Mumble-server til Young Pirates EU '''Frammøtte:''' Tale Østrådal (møteleiar), Targeir Attestog (referent), Anders Kleppe, Fredrik N...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Tid: 8. januar 2015 klokka 20

Stad: Mumble-server til Young Pirates EU

Frammøtte: Tale Østrådal (møteleiar), Targeir Attestog (referent), Anders Kleppe, Fredrik Nordhammer, Fredrik de Lange

Møtet starta med at Anders Kleppe og Fredrik de Lange meldte seg til å delta på workshop for Arendalsuka 2015 tysdag 27. januar frå 12:00 til 15:00 på KS sitt møtesenter i Kommunenes hus, Haakon VIIs gate 9, 0161 Oslo (ikkje langt frå Nationaltheatret T-banestasjon.

Fredrik de Lange vidaresendte den orginale invitasjonen til styre-eposten for Agder. Targeir såg at fristen for påmelding var 10. januar, så han sendte inn påmelding med ein gong.

Arendalsuka sjølv skal vare frå onsdag 12. august til tysdag 18. august i år (studiestart 10. august på UiA ifølgje http://www.uia.no/om-uia/organisasjon/akademisk-kalender-2014-2015)

VIKTIG: Hugs å fylle ut påmeldingsskjema i slutten av januar på arendalsuka.no når det blir publisert der - Workshop Tysdag 27. januar, 12:00 til 15:00, i Kommunenes hus, Haakon VIIs gate 9, 0161 Oslo. Ikke langt fra Nationaltheatret T-bane stasjon.

Deretter diskuterte deltakarane på møtet korleis vi skal skaffe oss fleire medlemmar. Tale foreslår samarbeid med studentforeininga UiA Open Source som deler mange interesser med oss. Ho nemner også at vi kan få til diskusjon og laust samarbeid med Unge Høgre, Grøn Ungdom og andre ungdomsparti. Vi kan bare finne på ting saman. Grøn Ungdom skal til å stifte studentlag på UiA no, og dei er spesielt aktuelle å samarbeide med. Det er ifølgje Tale nyttig å knyte seg til kontaktar i andre parti. Anders seier at vi får gitt inntrykk av at vi er blant dei andre politiske partia. Tale seier at vi må kjenne kvarandre for vi blir nøydde til å samarbeide etter kvart uansett. Det blir også nemnt internasjonalt samarbeid, og Tale fortel at Julia Reda (frå Tyskland?) kan tenkje seg å kome innom under valkampen.

Tale har prøvd å late som at ho vil la seg verve i andre parti for å fine ut av strategiane deira. Ho har funne ut at i grunnen alle passar inn i Piratpartiet. Dei som ikkje vil fikse demokratiet, skal det vere få av. Det blir stadfesta på møtet at det er lettare å verve medlemmar, når det er lettare metode for folk å melde seg inn. Akkurat det blir det arbeidd med å få til sentralt. Betalingsmetode og innmelding skal bli enklare. Piratpartiet skal få dei opplysningane det treng for å kontakte medlemmane sine, men ikkje meir enn det. Frå medlemmar treng vi e-post, telefon, fødselsår. Fødselsdato og postadresse er ikkje fullt så nødvendig.

I diskusjon om aktivitetar på Agder, foreslår Tale aktivistseminar lokalt, der medlemmar skal få lære det same som fylkesleiarane skal lære på fylkesseminar i slutten av januar. På slikt seminar om retorikk og med vekt på korleis ein skal utføre piratpolitikk og korleis ein gjer det. Dei frammøtte er einige om at ein må gjere det lett å fylle opp val-lister Anders meiner at ein må ha listefyll med eldre folk, i alle fall over 30 år. Det treng Piratpartiet for å kome over 4 % stemmer.

Targeir kjem med innspel om at ein må ha månadleg nyheitsbrev for Agder frå og med februar slik at medlemmane får vite kva styret driv på med og kva som skal skje.

Dei andre er einige. Tale seier at vi må ha arbeidsmøte annan kvar veke.

Det blir diskusjon mellom Anders og Tale om planleggingskalender. Tale foreslår programmet Producteev (https://www.producteev.com/) som blir brukt sentralt. Anders er litt skeptisk først fordi det ser for han som det bare kan synkroniserast med Microsoft Outlook sin kalender. Targeir finn ut at programmet Zapier kan brukast til å kople Producteev saman med Wordpress og Google Calendar: Link for info om samankopling med Wordpress: https://zapier.com/zapbook/producteev/wordpress/ Link for info om samankopling med Google Calendar: https://zapier.com/zapbook/google-calendar/producteev/

Tale seier at vi treng verktøy for å effektivisere styrearbeid, og Anders meiner at vi treng verktøy som fungerer, og vi kan ikkje bruke tid på å utvikle eigne verktøy, som potensielt kan få nokre trykkleiksproblem som ikkje vi oppdagar sjølv Fredrik de Lange foreslår LAN-party med å setje opp betalingssystem og fikse på nettsider Anders seier at vi har verktøy på Workpress for betalingssystem, og at LAN-party heller bør bli brukt for å ha det moro og for å promotere seg for potensielle medlemmar. Tale poengterer at det er nasjonale styret sitt ansvar å få til betalingssystemet for nye medlemmar, og seier at LAN-party kan vere aktuelt å få til i samarbeid med UiA Open Source og gjerne med cryptoparty som tema.

Diskusjonen går på smidig vis over til kjeks, og Anders legg fram forslag om at eit bakeri skal lage kjeks med Piratparti-flagglogoen på. Tale meiner at ei elevbedrift bør utføre oppgåva.

Det blir avtalt at neste møte skal finne stad fredag 16. januar klokka 20.

På leiarseminar i Asker frå fredag 23. til søndag 25. januar skal Targeir møte opp som fylkesleiar-representant for Agder og Tale skal vere ein av instruktørane sidan ho er 2. nestleiar nasjonalt. Tale fortel at på dette seminaret skal fylkesleiarane lære om korleis ein skal drive med piratpolitikk aktivt og effektivt og kvar av dei skal få drive med tørrtrening for å stå på stand. 23 er påmeldte. Instruktørane frå nasjonalt hald er inkludert i talet. Tale fortel til slutt møtedeltakarane at landsmøtet skal finne stad i Oslo i helga 20.-22. mars. Avgjerda om når årsmøtet på Agder skal finne stad blir utsett til over førstkomande helg, fordi Tale sin timeplan på UiA ikkje er heilt klar.